Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:984 (2014-2015) Innlevert: 15.05.2015 Sendt: 15.05.2015 Besvart: 21.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Kjersti Toppe (Sp): Kva er regjeringa sine mål for realisering av Nyborgtunnelen, inkludert finansiering, planlegging og utbygging, og blir det gjort ein fagleg vurdering i departementet om at denne skal vere eit OPS- prosjekt?
Ketil Solvik-Olsen: I Meld. St. 26 (2013–2014) Nasjonal transportplan 2014–2023 som vart lagt fram av regjeringa Stoltenberg, er prosjektet E39 Nyborg – Klauvaneset prioritert med anleggsstart først mot slutten av tiårsperioden, jf. omtale på side 285 i meldinga. Prosjektet vil derfor vere gjenstand for ny vurdering i samband med den revisjonen av Nasjonal transportplan som no pågår. Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen starte planlegging av tre nye prosjekt for gjennomføring som OPS-prosjekt, jf. mellom anna Prop. 1 S (2014–2015). Som det går fram av Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei – Reformer i veisektoren, legg regjeringa opp til at ytterlegare bruk av OPS skal vurderast i samband med revisjonen av Nasjonal transportplan. I den samanhengen meiner Samferdselsdepartementet at det er aktuelt å vurdere prosjekt på E39, både vegstrekningar og fjordkryssingar. Det er derfor for tidleg å seie om prosjektet E39 Nyborg – Klauvaneset er aktuelt for gjennomføring med OPS.Kommunedelplanen for prosjektet vart vedtatt i 2001. I følgje Statens vegvesen pågår det no eit arbeid for å avklare om vidare planlegging skal leggje vedtatt alternativ til grunn eller om endra føresetnader gjer at andre alternativ er meir aktuelle. Bakgrunnen for dette er at Bergen kommune etter vedtak i bystyret 18. juni 2014 har bedt Statens vegvesen om å gjennomføre ei slik vurdering.