Kjersti Toppe (Sp): Meiner helse- og omsorgsministeren at bruk av heildekkande nattdress med glidelås bak, som blir brukt på sjukeheimar, er eit tvangstiltak, eller ikkje, og dersom det vert definert som tvangstiltak, kva vil regjeringa gjere for å hindre at nattdress blir brukt utan at det er fatta vedtak og utan at indikasjonen er av helsemessige årsaker?
Begrunnelse
Vårt Land skriv den 15/6 -15 om at heildekkande nattdress med glidelås bak vert nytta på sjukeheimar fordi at brukarane då ikkje klarar å ta den av sjølv. Slik hindrar ein at pasientar riv av seg bleier og gjer senga våt. Å skifte på senger er tid- og ressurskrevjande dersom det er få nattevakter på jobb.
Leder i Rådet for sykepleieetikk uttalar til Vårt Land at ho gjennom mange år har fått bekymringsmeldingar frå sjukepleiarar som reagerer på korleis nattdrakta vert brukt. Tilbakemeldingane er at den vert nytta utan at det er fatta tvangstiltak, og at den vert nytta for å spare tid, ikkje at det er pasientens beste som er grunngjevinga. Å ikkje kunne ta på eigen kropp er i høgaste grad ein form for tvang, difor er det viktig at statsråden bidrar til at det fins tydelige føringar og svært restriktiv praksis for dette tvangstiltaket.