Skriftlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1161 (2014-2015)
Innlevert: 17.06.2015
Sendt: 18.06.2015
Besvart: 02.07.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Vil justisministeren bidra til å gjera registreringa av sesongarbeidskraft frå utlandet enklare?

Begrunnelse

Registreringa av utanlandsk arbeidskraft har tidlegare vore gjort lokalt, enten på lensmannskontora i ulike kommunar, seinare hjå næraste politistasjon. Dette har vore ordningar som har fungert bra. Ting har gått seg til, sjølv om regelverk og framgangsmåte har endra seg relativt ofte.

Landbruksnæringa og reiselivsnæringa reagerer no på at dette er heilt endra, og til det dramatisk verre.

Skilnaden no er at politireforma, og truleg også skattekontornedleggingar, har fråteke lokalmiljøa høve til å registrera på ein grei og enkel måte. Mellom anna i Hardanger har ein tidligare kunna ordna formalitetane lokalt i Odda. Etter det me har fått opplyst er denne tenesta flytta til Bergen.

Arbeidsgjevarar må no bruka 1 arbeidsdag med alle arbeidstakarar (etter avtale) og reisa til Bergen for registrering. Dette gjeld politiet, skattekontoret kan koma i tillegg for skattekort. Detta kan umogleg vera rett bruk av tid og ressursar, eller for den del representere noko forankring.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: I dei seinare åra har politiet samla si oppgåveløysing innanfor opphaldssaker på utlendingfeltet i dei større driftseiningane. Formålet har vore å sikre betre ressursutnytting og robuste fagmiljø med god kvalitet på tenestene.

Denne regjeringa har fokusert på at utenlandske arbeidstakarar raskare og enklare skal kome i arbeid i Noreg. Gjennom tildelingsbrevet til Politidirektoratet for 2014 blei politiet bedt om å redusere gjennomsnittlig saksbehandlingstid for arbeidssaker og tilhøyrande familiesaker. Regjeringa har også gjort sitt til at det nylig opna eit nytt Servicekontor for utenlandske arbeidstakarar (SUA) i Bergen. SUA er eit samarbeid mellom Skatteetaten, Politiet, UDI og Arbeidstilsynet som gir utenlandske arbeidstakarar og deira arbeidsgjevarar eit felles kontaktpunkt med norske myndigheiter, slik at dei skal få ordna alt dei treng for å jobbe i Noreg på ein stad.

Eg har forståing for at omlegginga kan medføre enkelte ulemper for dei som må reise lengre når dei skal levere søknadene, men eg håpar at dette vert vege opp ved at publikum no opplever eit høgare servicenivå, og raskare svar på søknadene sine.