Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1172 (2014-2015)
Innlevert: 18.06.2015
Sendt: 19.06.2015
Besvart: 29.06.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Kva framdrift ser statsråden føre seg når det gjeld den varsla utgreiinga om ulike alternativ for sjøtrafikksentalane, kva er grunnen til at departementet ennå ikkje har konkludert i saka, har statsråden planar om å legga ned nokre av sjøtrafikksentralane, og vil utgreieinga bli ferdig før 14. september?

Begrunnelse

I april 2014 handsama Transport- og kommunikasjonskomiteen lov om losordning (Loslova). Komitefleirtalet, H, Frp, Krf og Venstre sa då i merknad m.a:

"den varslede utredningen om ulike alternativ for organisering av sjøtrafikksentralene må gjennomføres så raskt som mulig slik at endelige beslutninger ikke tar unødig tid."

No har det gått over eit år sidan Stortinget behandla saka, og Arbeidarpartiet gjekk då imot å samlokalisera dei fem sjøtrafikksentralane. Dei er oppretta nettopp i område der trafikken representerer ein særskilt risiko for sjøtryggleiken og miljøet, og det er viktig å behalda nærværet og vidareuvikla kompetansen og arbeidsoppgåvene ved dei fem trafikksentralane.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg vil begynne med å understreke at det overordna målet for regjeringa er å redusere ulykkesrisiko og sikre god tryggleik for skipsfarten som trafikkerer kysten vår. I den samanheng er dei fem maritime sjøtrafikksentralane som Kystverket i dag opererer, viktige tiltak som auker tryggleik og framkomme i farleier med relativt tett og komplisert trafikkmønster.

Som oppfølgning av prop. 65 L (2013-2014) Lov om losordningen (losloven), har Samferdselsdepartementet bedt Kystverket om å gjennomføre ei utgreiing av ulike alternativ for organisering av sjøtrafikksentralane, medrekna om det kan vere aktuelt med samanslåing.

Kystverket leverte utgreiinga si 20. januar i år. For å sørgje for eit tilstrekkeleg vedtaksgrunnlag for val av framtidig organisering, har departementet bedt Kystverket om å supplere utgreiinga med einskilde tilleggsutgreiingar. Frist for å sende utgreiinga til departementet er sett til 15. september 2015. Konsekvensane for tryggleiken for skip og miljø vil saman med dei administrative og økonomiske konsekvensane vege tungt når departementet skal vurdere innspela frå Kystverket.

Det er ikkje teke stilling til korleis saka skal handterast vidare, men ho vil leggjast fram for Stortinget på ein eigna måte når departementet har vurdert Kystverkets innspel. Eit alternativ vil kunne vere å leggje saka fram i stortingsmeldinga om sjøtryggleik og akutt vernebuing, som er førespegla framlagt våren 2016.