Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1182 (2014-2015)
Innlevert: 19.06.2015
Sendt: 22.06.2015
Besvart: 30.06.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden avkrefta eller stadfesta om personar tilsett på kontraktar som inneheld formuleringar som "fast tilsett utan løn mellom oppdrag", "fast tilsett utan garantiløn" og kontraktar med liknande formuleringar har rett til dagpengar frå arbeids- og velferdsetaten for dagar mellom oppdrag, og kan statsråden gje si vurdering av om statsråden meiner dagens regelverk er godt nok når det gjeld dette?

Begrunnelse

Det blir vist til at det av fleire blir påstått at bemanningsforetak som tilset personar på kontraktar med formuleringar som "fast tilsett utan løn mellom oppdrag" skapar seg ein konkurransefordel samanlikna med bedrifter som tilset personar som ordinært fast tilsette eller mellombels tilsette fordi bemanningsforetaka då unndreg seg lønsansvar for periodar der arbeidsgjevar ikkje kan tilby arbeidstakar arbeid. Dersom ei bedrift som har fast tilsette ikkje kan tilby arbeid i ein periode til arbeidstakar vil ofte alternativet for bedrifta vera permittering. Permittering utløyser lønsbetaling frå arbeidsgjevar i ein periode der arbeidstakar ikkje utfører arbeid. For bemanningsforetak, og andre, som opererer med arbeidskontraktar som nemnde ovanfor, vil det ikkje liggja føre ei slik plikt. Kostnader blir altså ført over på fellesskapet. Dette er uheldig av fleire grunnar.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: For å ha rett til dagpengar under arbeidsløyse, må fleire vilkår vere oppfylte. I tillegg til krav om å bu og opphalde seg i Noreg, er det krav om tidlegare inntekt på minst 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) det sist avslutta kalenderåret, ev. minst 3 G dei siste tre avslutta kalenderåra. Vidare må arbeidsløysa føre til tap av arbeidsinntekt og tap av arbeidstid med minst 50 prosent. Eit heilt sentralt vilkår er å vere reell arbeidssøkjar, som mellom anna inneber ei plikt til å aktivt søkje arbeid, og som hovudregel, til å ta eitkvart arbeid, kor som helst i landet.
Vanlegvis vil dei som har ein arbeidsavtale i behald, ikkje kunne få dagpengar under arbeidsløyse, nettopp fordi dei ikkje har mista arbeidet sitt, og heller ikkje har tapt inntekt. Dei som er tilsette i bemanningsføretak, vil likevel kunne få dagpengar i periodar utan arbeidsoppdrag, dersom dei ikkje får løn i desse periodane og dei generelle vilkåra for rett til dagpengar elles er oppfylte. Dersom vilkåra i arbeidskontrakta deira set grenser for kva slags eller kor mykje arbeid dei kan ta, vil kravet om å vere reell arbeidssøkjar ikkje vere mogleg å fylgje. I slike tilfelle vil dei ikkje ha rett på dagpengar.
Etter mitt syn er dagpengeregelverket på dette punktet godt nok. Det er teke omsyn til den særskilde situasjonen som denne gruppa er i, samstundes som det er teke omsyn til deira velferd.