Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1198 (2014-2015)
Innlevert: 22.06.2015
Sendt: 23.06.2015
Besvart: 29.06.2015 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Det er urovekkjande at regjeringa i fleire tilfelle utelet å ta med funksjonshemma sine organisasjonar på råd i saker som angår dei. Eitt døme er då statsråden først ikkje fann plass til Norsk Forbund for Utviklingshemma i utvalet som skulle diskutere dei utviklingshemma sine levekår. Organisasjonane er heller ikkje involverte i arbeidet med ny handlingsplan for universell utforming.
Ser statsråden at dette kan vere i strid med konvensjonen nemnt under, og vil ho ta grep for å sikre reell medverknad?

Begrunnelse

Noreg ratifiserte i 2013 FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I konvensjonen kjem det tydeleg fram at dei funksjonshemma sine organisasjonar skal takast med i prosessen før avgjersler blir tekne i saker som er viktige for dei og angår dei.
Når det på tvers av departementa viser seg at dei funksjonshemma sine organisasjonar ikkje blir involverte i tråd med konvensjonen, bør regjeringa vurdere å setje i verk tiltak, til dømes å endre sin utgreiingsinstruks slik at medverknaden blir tydelegare.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Det er viktig at Noreg etterlever FN-konvensjonen om rettane til personer med nedsett funksjonsevne, og at vi tek prinsippa om samhandling på alvor. Dei som opplever utfordringar i kvardagen veit ofte kva som skal til for å betre situasjonen og kan ha gode forslag til løysingar. Derfor er eg opptatt av at dei som ei sak gjeld, skal få seie meininga si og skal bli høyrt på ein god måte. Det er mange måtar å få dette til på. Norsk forbund for utviklingshemmede har ein representant i Kaldheimutvalet som greier ut levekåra til utviklingshemma. Forbundet har og representantar i ressursgruppa som er knytt til arbeidet.
Den løpande dialogen er viktig. Det blei våren 2015 gjennomført ein rundebordskonferanse om overordna politiske saker der aktuelle departement møtte SAFO, FFO og Unge funksjonshemmede til dialog.
I tillegg har vi skriftlege samarbeidsavtaler med nokre av dei største paraplyorganisasjonane for dei funksjonshemma.
I arbeidet med ny handlingsplan for universell utforming har det vore ein brei medverknad, der dei funksjonshemma sine organisasjonar har deltatt på eigne møte. I januar og februar i år blei det halde møte med Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), inkludert Hørselshemmedes Landsforbund og Norges Blindeforbund. Statens seniorråd og Kommunesektorens organisasjon (KS) deltok og. Dei funksjonshemma sine organisasjonar har også blitt oppmoda om å levere skriftlige innspel. Det var Bufdir ved Deltasenteret som arrangerte møta på oppdrag frå mitt departement. Oppsummering frå møta ligger på Bufdir sine internettsider: http://www.bufdir.no/uu/Regjeringens_handlingsplan_for_universell_utforming/.
Det er mi meining at prinsippa om medverknad i FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne blir godt ivaretekne i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sitt arbeid.