Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1206 (2014-2015)
Innlevert: 22.06.2015
Sendt: 23.06.2015
Besvart: 30.06.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Eg viser til at det gjennom TV2 den siste veka har kome fram at det bulgarske elektroselskapet Enemona som byggjer nytt sjukehusbygg for Helse Bergen HF er melde til politiet med påstandar om grov utnytting av arbeidstakarar og skattesvindel. Diverre synest dette å vera nok eit døme på korleis utanlandske arbeistakarar frå EØS-området blir utnytta i Noreg ved offentlege innkjøp.
Kva nye tiltak vil statsråden føreslå for å hindra sosial dumping ved offentlege innkjøp framover?

Begrunnelse

Artikkelen "Politianmeldes etter dumpingskandalen" på TV2 sine nettsider (http://www.tv2.no/a/7066448) omtalar grov sosial utnytting av utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området som arbeider for det bulgarske elektroselskapet Enemona og byggjer nytt sjukehusbygg for Helse Bergen Haukeland universitetssjukehus. Helse Bergen HF er underlagt statsføretaket Helse Vest RHF (regionalt helseføretak). Det er særs urovekkande dersom det går føre seg grov sosial unytting av utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området på statlege byggjeprosjekt i 2015.
Med tilbodssjokket i den norske arbeidsmarknaden som følgje av utvidingane av Den europeiske unionen (EU) i 2004 og 2007 og Noregs tilslutnad til Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), har balansen i den norske arbeidsmarknaden blitt endra til fordel for arbeidsgjevarsida. Løns- og arbeidsvilkår er under stort press i fleire bransjar som følgje av eit særs stort tilbod av utanlandsk arbeidskraft frå EØS-området.
Tilbodssjokket i den norske arbeidsmarknaden det siste tiåret har gjeve heilt nye dimensjonar av problema knytt til arbeidslivs kriminalitet inkludert sosial dumping for norske styresmakter og fagrørsla i Noreg.
Størst er desse problema i dei bransjane der andelen utanlansk arbeidskraft er størst.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Regjeringa la 13. januar 2015 fram ein strategi for å styrkje innsatsen mot arbeidslivskriminalitet. Eit av hovudbodskapa i strategien er at det offentlege gjennom innkjøpa sine må gå føre i arbeidet med å fremje eit seriøst arbeidsliv. Regjeringa meiner at seriøse innkjøparar og leverandørar har ei viktig rolle for å hindre at kriminelle aktørar får innpass i arbeidslivet.
Dei som driv systematisk i strid med lover og reglar øydelegg for heile arbeidslivet. Skal vi lykkast i arbeidet mot useriøse aktørar er det viktig med ei brei mobilisering. Strategien mot arbeidslivskriminalitet er utarbeidd i dialog med partane i arbeidslivet og rettar seg mot både privat og offentleg sektor. Strategien inneheld til saman 22 tiltakspunkt. Fire av tiltaka er retta mot offentlege innkjøp.
For det fyrste skal det innførast ein heimel i regelverket for offentlege innkjøp for å kunne stille krav om ei øvre grense for tal på ledd i kontraktskjeden i bransjar der det er særskilde utfordringar. Bakgrunnen er at det i svært mange saker finst ei kopling mellom tal på kontraktsledd og kriminelle forhold. Ny lovheimel og forskrift vil kome på plass i 2016.
For det andre skal det innførast ei forskrift i regelverket for offentlege innkjøp som pålegg oppdragsgivarar å stille krav om bruk av lærlingar. Regjeringa meiner at dette er ein god måte å styrkje det seriøse arbeidslivet på. Etter dagens reglar kan offentleg sektor stille krav om tilknyting til lærlingordning, men det gjeld berre for norske leverandørar og gir ikkje føringar for om bedriftene skal ha lærlingar tilsett under kontraktsperioden. Frå 2016 blir reglane endra slik at oppdragsgivarar blir pålagde å stille slike krav i bransjar med definerte behov for lærlingar. Allereie frå 1. juli 2015 vil det gjelde eit krav om at der det blir sett vilkår om tilknyting til lærlingordning, skal leverandørane også ha ein eller fleire lærlingar i arbeid ved utføringa av den aktuelle kontrakten, og kravet blir ikkje avgrensa til norske leverandørar.
Regjeringa meiner at det må bli enklare for privatpersonar og offentlege og private verksemder å sjekke om leverandørar er seriøse. Det tredje tiltakspunktet inneber derfor å opprette ei ordning som skal gjere det lettare å kontrollere leverandørar. Det skal etablerast ein database eller ein attest som dokumentasjon på at leverandørar etterlever lover og reglar. Ordninga skal basere seg på opplysningar frå sentrale styresmakter og register. Arbeidet skal gjerast av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i samarbeid med Fiskeri- og handelsdepartementet.
For å nå målsetjinga om eit seriøst arbeidsliv er det særleg viktig at alle aktørane har god kjennskap til regelverket, og korleis det i praksis kan følgjast opp på ein best mogeleg måte. Som eit fjerde tiltakspunkt har derfor Difi, på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet, utvikla ein rettleiar for etterleving av forskrifta om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege innkjøp. Rettleiaren er til god hjelp for dei som skal sikre at krava til lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar blir overhaldt.