Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:1222 (2014-2015)
Innlevert: 25.06.2015
Sendt: 26.06.2015
Besvart: 05.08.2015 av ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Vidar Helgesen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er statsråden medlem av European Movement, støttar statsråden målet til European Movement om å skape eit føderalt Europa, og meiner han at forslaget frå EU-leiarane om å gje EU-organ mynde over nasjonale budsjett er eit steg i rett retning for Europa?

Begrunnelse

I dag er det framleis kvart enkelt EU-land som sjølv styrer over sine nasjonale budsjett. ABC Nyheter skriv tysdag 23. juni at EU-kommisjonens leder Jean-Claude Juncker, EU-toppmøtets president Donald Tusk, eurogruppas president Jeroen Dijsselbloem, Den europeiske sentralbankens president Mario Draghi og EU-parlamentets sosialdemokratiske president Martin Schulz no ynskjer å endre dette. Ifylgje ABC Nyheter føreslår desse at overnasjonale EU-organ skal få dette mynde innan 2025. De nasjonale parlamenta skal likevel få lov til å bli "involvert" i prosessen.

Vidar Helgesen (H)

Svar

Vidar Helgesen: Eg takkar representanten for eit interessant spørsmål.
Til opplysning for representanten er eg ikkje medlem av Europarørsla, og eg er ikkje tilhengar av ein europeisk føderasjon. Det er mi overtyding at det Europa trenger, er eit effektivt og forpliktande samarbeid mellom suverene statar for å løyse felles utfordringar: å styrke europeisk konkurransekraft i møte med økt global konkurranse, å styrke europeisk energi- og klimatryggleik, å styrke europeisk utanriks-, tryggings- og forsvarspolitikk i møtet med aggresjon i øst og ustabilitet i sør, og å styrke handteringa av migrasjonsutfordringane, for å nemne nokre sentrale tema. Medlemsstatane i EU er viljuge til å samkjøre sin suverenitet på visse område for å gjere samarbeidet meir effektivt. Eit fleirtal av dei rettsreglar EU vedtek gjennom denne samkøyringa, blir til norsk rett gjennom EØS-avtalen.
I eurosona blir pengepolitikken utforma på europeisk nivå, medan medlemslanda har ansvaret for finanspolitikken og den økonomiske politikken. Finans- og gjeldskrisa tydeleggjorde at denne ansvarsdelinga kan vere utfordrande. I oktober 2014 etterlyste eurolanda sjølve mekanismar for sterkare økonomisk samordning og solidaritet. Presidentane for Det europeiske råd, Kommisjonen, Eurogruppa og Den europeiske sentralbanken la fram ein rapport med forslag til EU-toppmøtet i juni i år. Rapporten dannar grunnlaget for diskusjonar mellom medlemslanda om djupare samarbeid i eurosona. Eg viser her til mitt tidlegare svar på spørsmål til skriftlig svar nr. 977, stilt av stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen.
Fordi Noreg ikkje er medlem av EU og heller ikkje ein del av eurosonen, er vi ikkje partnar i dette ordskiftet. Vi vil heller ikkje bli direkte omfatta av eventuelle tiltak for å sikre ein djupare og meir vel fungerande økonomisk og monetær union. Men eit vel fungerande samarbeid i eurosona er viktig for vekst og velstand i Noreg, gitt våre tette økonomiske band med andre europeiske land.