Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1240 (2014-2015)
Innlevert: 30.06.2015
Sendt: 30.06.2015
Besvart: 03.07.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kan politireforma setjast i gang på ei slik måte at det ikkje har innverknad på moglege endringar i lokale kommunegrenser i Sunnhordaland fram til mars 2016, samt kan omsynet til at Stord lensmannsdistrikt òg i framtida skal vere ein ressurssterk og attraktiv arbeidsplass, verte vektlagt i arbeidet med politireforma?

Begrunnelse

Stord har ei driftseining dei er svært nøgde med. Tilsette på lensmannsdistriktet har teke opp i møte med meg (25.06) at dei er urolege for om driftseininga deira vil verte redusert til ein tenestestad, samt at dei skal verte tømd for stillingar eller ressursar som er naudsynte for å vere ein attraktiv arbeidsplass. Som justis- og beredskapsministaren veit, er kommunane Bømlo, Stord og Fitjar, handsama slik i samband med forliket om politireform at dei no vert lagd til politidistrikt Sør-Vest, med moglegheit for å verte lagd til politidistrikt Vest i framtida. Fleire kommunar er noe i samtalar om å kanskje verte ei storkommune i framtida, noko som òg kan ha innverknad på kva politidistrikt dei vert lagt til, jf. Innst.375 S (2015-2016), prop. 121 S (2015-2016):

"Fleirtalet kjenner til at det er samtaler om kommunereform i Sunnhordland der kommunar på begge sider av politidistriktsgrensene inngår i samtalene. Fleirtalet legg til grunn at om desse samtalene ender opp i kommunesamanslåing, vil flyttinga av kommunar frå distrikt Sør-Vest til Vest skje samtidig som ny kommunestruktur er fastlagt."

Desse samtalane er meint å vere i mål i januar 2016, med endeleg vedtak i kommunane i mars 2016. Ynskja som var framlagt for meg på møtet var at endringane i politireforma ikkje skulle ha innverknad på Stord lensmannsdistrikt før dei har teke stilling til om dei vil verte ein del av ein større sunnhordalandskommune, med dei konsekvensar det kan få for kva politidistrikt dei høyrer til.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Etter Stortinget si behandling av Prop. 61 LS. (2014-2015) Endringer i politilova mv. (trygghet i hverdagen - nærpolitireformen)den 10. juni 2015, blir det no lagt eit løp for det vidare reformarbeidet. Politidirektoratet er 23. juni i år mellom anna gitt i oppdrag å førebu etablering av dei nye politidistrikta. Omlegging til nye politidistrikt er forventa å skje kontinuerleg frå 1. januar 2016, og i fyrste omgang vil dette innebere etableringa av politimeisteren si leiargruppe og nye operasjonssentralar. Deretter vil det skje eit endrings- og utviklingsarbeid under leiing av den nye politimeisteren. Dette arbeidet vil ha ulik framdrift i dei ulike politidistrikta, men vil vare gjennom 2016 og truleg inn i 2017.
Politidirektoratet vil følgje opp at desse prosessane følgjer dei retningslinjene som følgjer av Stortinget si behandling. Eg kan ikkje uttale meg om Stord lensmannsdistrikt spesielt, men er trygg på at det grundige arbeidet som eg legg til grunn at blir gjort ved etableringa av lokale strukturar, så som etablering av styringsgrupper og utarbeiding av risiko- og sårbarheitsvurderingar, vil gi solide og attraktive fagmiljø som leverer gode polititenester til publikum.