Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1243 (2014-2015)
Innlevert: 30.06.2015
Sendt: 30.06.2015
Besvart: 03.08.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gjere om på avgjerda om å sentralisere ID- kontrollen for utanlandske arbeidstakarar til Bergen, slik at ein framleis kan få utført denne tenesta ved det lokale kontoret (til dømes i Odda), vil statsråden gjere greie for kva saksbehandling og prosess som ligg bak avgjerda om endringa som trådde i kraft 15. juni ?

Begrunnelse

ID- kontrollen for utanlandske arbeidstakarar i Hordaland skal frå og med 15. juni 2015 utførast i Bergen. For personar som til dømes arbeider i Ullensvang, vil dette føre til ei reisetid på opp mot 3 timar kvar veg, då ein krev personleg oppmøte for å levere søknad og dokument. Ofte må også arbeidsgivar fylgje, med det arbeidstapet det medfører. Fram til 15.juni kunne ein få utført denne tenesta ved det lokale kontoret (i Odda). Etter det spørjaren er gjort kjent med, er det i andre politidistrikt framleis ei desentralisert ordning for denne tenesta.
Både reiselivsverksemder (hotell) og i fruktnæringa i Hardanger opplever denne sentraliseringa som svært distrikts- og næringsfiendtleg. Underteikna meiner at ID- kontrollen for utanlandske arbeidstakarar må vere mest mogleg desentralisert, og at det er uforståeleg den sentraliseringa som har skjedd. Underteikna fryktar og at sentraliseringa vil bidra til nytting av svart arbeidskraft. Difor er det avgjerande at sentraliseringa av ID- kontrollen vert reversert.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: I dei seinare åra har politiet samla si oppgåveløysing innanfor opphaldssaker på utlendingsfeltet i dei større driftseiningane. Bakgrunnen er blant anna dei tidligare utredningane om førstelinjetenesta og Stortingsmelding om arbeidsinnvandring (2007-2008). Formålet har vore å sikre betre ressursutnytting og robuste fagmiljø med god kvalitet på tenestene.
Regjeringa er oppteken av at utanlandske arbeidstakarar raskare og enklare skal kome i arbeid i Noreg. Gjennom tildelingsbrevet til Politidirektoratet for 2014 blei politiet bedt om å redusere gjennomsnittleg saksbehandlingstid for arbeidssaker og tilhøyrande familiesaker. Regjeringa har også gjort sitt til at det nylig opna eit nytt Servicekontor for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Bergen. SUA er eit samarbeid mellom Skatteetaten, UDI, politiet og Arbeidstilsynet som gir utanlandske arbeidstakarar og deira arbeidsgivarar eit felles kontaktpunkt med norske styresmakter, slik at dei skal få ordna alt dei treng for å jobbe i Noreg på ein stad. Det er også utarbeid løysingar som gir utanlandske arbeidstakarar høve til å registrere sin søknad på internett.
Eg har forståing for at omlegginga kan medføre ulemper for dei som må reise lengre når dei skal registrere seg hos politiet, men eg håper at dette vert vege opp ved at publikum no totalt sett opplever eit høgare servicenivå og raskare svar på søknadene sine. Det foreligger ikkje planer om å reversjere tiltaket som samlet sett vil gi et betre tilbod. Eg vil naturligvis følgje med på dette fremover.