Kjersti Toppe (Sp): Voss Lensmannskontor er reduserte frå 18 stillingar til 15 stillingar, og det er gjeve signal om ytterlegare nedskjeringar på to prosent neste år, ifølgje oppslag i avisa Hordaland 29/8. Tillitsvalte uttalar at dei opplever ein heilt annan verkelegheit enn det justisministeren gir inntrykk av sin mykje omtala video, og at nedskjeringane vil få alvorlege fylgjer.
Kva vil statsråden gjere for å sikre Voss lensmannskontor nok stillingar og vil statsråden ta i mot invitasjonen om besøk på Voss?
Begrunnelse
Voss lensmannskontor har ei bemanning på 0,73 stillingar per 1000 innbyggjarar, langt frå målet om 2 stillingar per 1000 innbyggjarar, og har opplevd ein reduksjon i kapasitet på 16,7 prosent. Tillitsvalte opplyser at nedskjeringar vil gå ut over gransking, førebyggjande arbeid, sivile saker, narkotika m.m.