Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at politiet i Noreg i dag ikkje har tilhøve som sikrar etaten sine tilsette gode arbeidsvilkår, og kva vil i så fall statsråden gjere med dette?
Begrunnelse
Berlingske Tidende skreiv måndag 31. august om det som i følgje avisa er problem politiet i Noreg opplever. Avisa viser til eit intervju fagdirektør ved justis- og beredskapsdepartementet, Dag Egil Adamsen, har gitt til Jyllands-Posten. I følgje Berlingske Tidende meiner Adamsen at politiet har dårlegare arbeidsvilkår som følgje av at Noreg ikkje er medlem av Europol.