Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1425 (2014-2015)
Innlevert: 10.09.2015
Sendt: 11.09.2015
Besvart: 18.09.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Eg viser til NTB-meldinga «UDI iverksetter beredskapsplan», publisert i dag, den 10. september kl. 14.14. I NTB-meldinga står det til slutt: «Tiltak som skjerpet grensekontroll og informasjon til potensielle søkere i opprinnelseslandet kan bli aktuelt.»
Kan statsråden gjera greie for kva grensekontroll Noreg har i dag, sidan det går fram av nemnde NTB-melding at norske styresmakter vurderer å skjerpa dagens grensekontroll, og kva som ligg i «skjerpet grensekontroll»?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Noreg har i dag eit regime for personkontroll på grensene som er i samsvar med Schengen-regelverket. Gjennom vår deltaking i Schengen-samarbeidet er vi folkerettsleg forplikta til å innretta vår kontrollverksemd etter desse reglane. Det inneber at vi skal ha kontroll av alle reisedokument som personen syner fram når ho eller han kjem til grensa frå eit land utanfor Schengen-området. Det skal også skapast klårleik i om vedkommande har middel og moglegheiter til å opphalde seg i landet. Dette er yttergrensekontrollen.
Ved grensene som vi har med andre Schengen-land, dei såkalla indre grensene, skal det ikkje vera systematiske personkontrollar. Dette følgjer også av Schengen-reglane. Difor er ikkje politiet fast tilstade på indre grenser.
Men det er høve til etter Schengen-regelverket å setja i verk full personkontroll på indre grenser når tilhøva krev det, til dømes om det oppstår ein situasjon der tryggleiken i landet er truga eller anna form for nasjonal fare kan oppstå. Eit slikt tiltak kan berre vare ei avgrensa tid. Norske styresmakter skal også gje informasjon om dette til EU- Kommisjonen.
I område som ligg opp til indre grenser, kan politiet ha personkontrollar som grunnar seg på mistanke om at det går føre seg mykje ulovleg innvandring, eller skjer kriminalitet over den aktuelle grensestrekninga. Då kan politiet gjennomføra det vi kallar stikkprøvebaserte personkontrollar.
Politiet i Noreg følgjer desse reglane, og fleire politidistrikt som har indre grenser innan sitt ansvarsområde, driv slike kontrollar som eg her har omtalt.
Med heimel i utlendingslova kan dessutan politiet i heile landet utføre kontroll av personar der ein har mistanke om at dei oppheld seg ulovleg på norsk territorium.
Med uttrykket «skjerpet grensekontroll» forstår ein at politiet aukar personkontrollane i grensenære område i tider der ein mistenkjer at det går føre seg lovbrot eller at det kjem uvanleg mange personar som kryssar grensa. Det kan også innebera at ein sett i verk midlertidig full personkontroll på dei indre grensene.
Eg vil peike på at UDI har meldt offentleg at dei no vil setja i verk planen for å handtere ein situasjon der det kjem uvanleg mange asylsøkarar til riket. I planen står det eit avsnitt om at det kan vera aktuelt å be Justis- og beredskapsdepartementet om skjerpa grensekontroll. Dette er tatt inn i NTB si melding. Så langt har departementet ikkje fått noko oppmoding frå UDI om dette.