Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1470 (2014-2015)
Innlevert: 25.09.2015
Sendt: 25.09.2015
Besvart: 06.10.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sikre at fødestover ved Kvinneklinikken, Haukeland Sjukehus, ikkje vert helgestengt, kan statsråden gjere greie for korleis kvalitetskrava til fødeklinikk blir ivaretatt ved KK og om bemanninga er tilstrekkelig til å ivareta forsvarleg overvaking og behandling og sikre at jordmor er til stades i aktiv fase i fødselen, og vil statsråden endre finansiering av fødetilbodet ved kvinneklinikkar og fødeavdelingar i retning rammefinansiering?

Begrunnelse

I Bergens Tidende 21.september åtvarar jordmødrer mot å føde på KK i helgane. Dei meiner at stenging av fødestover i helgane gjer det meir risikofylt for kvinner som kjem inn for å føde. Leiar i Den norske jordmorforening i Hordaland uttaler at kvinnene får ikkje god nok oppfølging i helgene. Sjukefråveret blir ikkje dekka opp i helgene. KK ligg i følgje BT an til eit underskot på 9,6 million, som skuldast blant anna at KK har hatt færre kompliserte fødslar. Komplikasjonar ved fødslar utløyser ekstra økonomiske midlar. I dei nasjonale faglege krave til fødetilbodet som Helsedirektoratet kom med i 2010, er det anbefalt for fødeklinikkar at ein skal sikre ei jordmor til stades i aktiv fase av fødselen.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Et godt og forutsigbart fødetilbud er en viktig del av vår helsetjeneste. De nasjonale kvalitetskravene til fødeinstitusjoner er nedfelt i Helsedirektoratets veileder Et trygt fødetilbud. Kvalitetskrav til fødselsomsorgen (2011).
Veilederen anbefaler at alle fødende skal ha en jordmor hos seg så tidlig som mulig i aktiv fase av fødselen og til fødselen er over.
De regionale helseforetakene følger opp etterlevelsen av kvalitetskravene for fødselsomsorgen som del av sitt sørge-for ansvar. Helsedirektoratet har et ansvar for å følge med på kvaliteten i tjenesten. Jeg har derfor bedt Helsedirektoratet om å invitere Jordmorforeningen til et møte slik at de kan redegjøre for sin bekymring.
Når det gjelder situasjonen ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssykehus, har jeg fått følgende tilbakemelding fra Helse Vest RHF:

"I januar 2015 fekk Kvinneklinikken (KK) fire nye fødestover. Sidan i sommar har KK i fem helger sett det som nødvendig å stenge to til fire stover fordi det ikkje har vore mogleg å skaffe nok personell. Det var desse helgene likevel like mange eller fleire fødestover enn KK hadde for nokre månader sidan.
KK vil sjølvsagt forsøke å halde alle fødestover opne, men meiner det ikkje er uforsvarleg å stenge enkeltstover i dei tilfella dei ser det er nødvendig. Når KK vel å slå saman avdelingar /rom enkelte helger, er det for å konsentrere bemanninga.
KK ivaretar kvalitetskrava til fødeklinikkar. Talet på fødslar ved Kvinneklinikken i Bergen er i snitt 14 per døgn. Til denne aktiviteten er det som hovudregel jordmor til stades for kvinnene i aktiv fase av fødselen. KK i Bergen kan på enkeltdagar ha meir enn 24 fødslar per døgn. Det betyr at på slike dagar vil jordmor måtte følgje opp fleire kvinner i aktiv fødsel. Dette er det som er utfordrande i planlegginga av bemanning og dekking av uforutsett fråvær.
Bemanninga på KK er om lag på nivå med samanliknbare klinikkar. KK har hatt nokre utfordringar med å dekke inn vakante vakter. Det er forståeleg at tilsette har opplevd at dei ikkje får utført oppgåvene sine fullt ut når dette fell saman med ekstra travle dagar.
Kvinneklinikken på Haukeland har gjennomført store omstillingar dei siste åra for å legge om til meir moderne fødselsomsorg. Blant anna viser evaluering av prosjektet «Jordmor i heimen» at det er til det beste for både mor og barn. Klinikken har også gjort mange andre tiltak som i sum skal sørgje for at jordmødrer og andre tilsette brukar tida si på dei som treng det mest, og som må vere på sjukehuset. Desse omstillingane tar tid, og alt verkar ikkje optimalt enno. Det betyr at tilsette opplever ein travlare kvardag fram til KK får full effekt av alle tiltak som er sett i gang.
Det er viktig å seie i frå om korleis ein opplever arbeidsmengde og arbeidsmiljø. For klinikkleiinga ved KK det viktig å få til ein god intern dialog om dette. Leiinga tar på alvor at medarbeidarar uttrykker at dei opplever at dei ikkje får utført arbeidet sitt på ein god nok måte. Om det skuldast for låg bemanning eller måten klinikken brukar fagfolka på, er noko leiing og tilsette må finne ut saman.
Leiinga ved KK er i god dialog med tillitsvalde og verneombod for å finne gode løysingar, og det er etablert ein god møtestruktur som kan ivareta dette. Målet er å ta eit felles ansvar for å finne dei gode løysingane".

Basert på denne tilbakemeldingen er det min vurdering at det synes å være etablert en god prosess for å finne løsninger på situasjonen ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssykehus.
Når det gjelder spørsmålet om finansieringsordninger for fødselsomsorgen, har spørsmålet vært forelagt Helsedirektoratet som har ansvar for å forvalte innsatsstyrt finansiering.
Helsedirektoratet har gitt følgende svar:

"Fødselsomsorgen finansieres i likhet med all annen somatisk behandling gjennom basisbevilgningen og innsatsstyrt finansiering. Utbetalingene gjennom innsatsstyrt finansiering er basert på registrert aktivitet som grupperes i ulike diagnosegrupper (diagnoserelaterte grupper, DRG). DRG-systemet skiller på mange områder mellom behandling av kompliserte og mindre kompliserte tilfeller. Dette gjøres for å ta høyde for forskjellene i kostnadsnivå mellom ulike undergrupper av pasienter. Slik er det også innen fødselsområdet. Hvilke egenskaper ved pasientene som skal til for å avgjøre hva som skal regnes som kompliserende eller ikke, er gjenstand for vurdering og endring over tid".

Jeg vil oppfordre fagmiljøer og helseforetak om å melde inn behov for endringer i den innsatsstyrte finansieringen for fødselsomsorgen til Helsedirektoratet.