Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:35 (2015-2016)
Innlevert: 06.10.2015
Sendt: 07.10.2015
Besvart: 12.10.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa vurdere fritaksordningar for journalistar som vert kalla inn til teneste i Sivilforsvaret?

Begrunnelse

I ein krisesituasjon er det sjølvsagt viktig med eit kompetent og godt trent sivilforsvar. Samstundes er det viktig med uavhengige medier som kan rapportere, opplyse og ikkje minst rette eit kritisk søkjelys mot styresmakter og beredskapsarbeid.
Journalistar kan bli kalla inn til teneste i Sivilforsvaret som andre borgarar. Den siste tida har det vert retta kritikk mot denne ordninga, mellom anna frå redaktørane i Fjordenes Tidende og Firdaposten. Desse opplever no at høvesvis 2 av 5 og 3 av 7 journalistar er kalla inn til teneste.
Eit anna døme er avisa Hordaland, der ein fotograf ved to høve dei siste åra har blitt kalla inn til teneste i Sivilforsvaret, samstundes som redaktøren hadde behov for redaksjonelle ressursar til å dekke høvesvis ekstremsnøvêret i vinter samt søk etter ein sakna person.
Ved alvorlege kriser spelar media ei viktig rolle. Media opplyser befolkninga om kva som skjer, mobiliserer til innsats og dekker løpande hendingar av stor samfunnsmessig viktigheit. Dersom halve redaksjonen vert rekvirert til beredskapsarbeid, vil dette sjølvsagt vanskeleggjere lokalmedia sitt viktige samfunnsoppdrag.
Det kan dessutan stillast meir prinsipielle spørsmål ved at journalistar vert kalla inn for å trekke i uniform.
Ved teneste for Sivilforsvaret vert journalistar både underlagt kommando og underlagt teieplikt. Dette kan vanskeleggjere det uhyre viktige samfunnsoppdraget media har når det kjem til å belyse og eventuelt kritisere manglar ved beredskapsarbeid, og mange vil kome i ei problematisk rollekonflikt.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Stillinger eller funksjoner som fritar personell fra tjeneste i Sivilforsvaret er regulert i forskrift 24.05.86 nr 1002 om fritak for tjenestegjøring i Sivilforsvaret.
I henhold til denne forskriften kan sivilforsvarspliktig personell etter søknad, fritas for tjeneste i Sivilforsvaret når de innehar stilling eller utfører funksjon i offentlig eller privat virksomhet av viktighet for totalforsvaret.
Journalister vil som kjent ikke kunne fritas etter ovennevnte forskrift. Jeg kan orientere om at forskriftene i Sivilforsvaret er under revisjon med bakgrunn i Sivilbeskyttelsesloven av 25.6.2010. Forskriften om fritaksordningen inngår i dette revisjonsarbeidet.
Jeg mener at ordningen, i likhet med fritaksordningen for Forsvarets mannskaper, bør forbeholdes personell som dekker samfunnskritiske funksjoner som må opprettholdes ved kriser for å dekke samfunnets grunnleggende behov, befolkningens trygghet samt verne om liv og helse.
Dersom sivilforsvarstjeneste vil skape vesentlige problemer for arbeidsgivers situasjon, kan arbeidsgiver ta direkte kontakt med sivilforsvarsdistriktet for en skjønnsmessig vurdering av situasjonen. Dette er i tråd med dagens praksis.