Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden forklare korleis ein på førehand skal vite at ein prostataliding er godarta og slik fell innunder ordninga fritt behandlingsval, eller om den er ondarta og må takast hand om av det offentlege, jamfør ny forskrift om fritt behandlingsval, og om private tenestetilbydarar skal ha vurderingskompetanse for desse pasientane?
Begrunnelse
Viser til § 11 i ny forskrift om fritt behandlingsval, som lister opp kva tenester som fell inn under ordninga fritt behandlingsval. For feltet urologi er "godartet forstørret prostata" (benign prostataobstruksjon) ein tilstand som blir innlemma i fritt behandlingsval.