Skriftlig spørsmål fra Ove Trellevik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:306 (2015-2016)
Innlevert: 07.12.2015
Sendt: 07.12.2015
Besvart: 11.12.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Korleis vurderer statsråden muligheitene for at ein felles bompengesøknad kan fremmas dersom det er lokal einigheit om dette mellom kommunar og Hordaland fylkeskommune. Løysinga vil då være ein statlig veg som skal finansierast som OPS-prosjekt, og ein fylkeskommunal veg?

Begrunnelse

Sotra sambandet er eit regionalt stamveg prosjekt i Hordaland på Rv 555 mellom Kolltveit i Fjell kommune og Storavattenet i Bergen kommune. Den 10 km lange strekninga er førebels kalkulert til 8,9 milliardar kroner inkl. ny bru. Prosjektet skal gjennomførast som eit OPS-prosjekt.
Prosjektet var tidlig planlagt med ei oppgradering av tilførselsvegar. Dei vegane er no blitt fylkeskommunale etter vegreforma. Arbeidet med reguleringsplaner er godt i gang både på den statlige stamvegen, og på fylkesvegen nord - sør på Sotra som er den viktigaste tilførselsvegen. Parallelt med reguleringsplanarbeidet vil ein arbeide med bompengesøknaden.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg viser til at det i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 er prioritert statlege midlar til anleggsstart på prosjektet rv 555 Sotrasambandet i første fireårsperiode (2014-2017). Prioriteringa er under føresetnad av at det blir tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging. Sotrasambandet skal gjennomførast som eit OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid), jf. Prop. 1 S (2014-2015) og Meld. St. 25 (2014-2015) På rett vei. Reformer i veisektoren. Før anleggsstart er det nødvendig å flytte ei høgspentlinje. I Prop. 1 S (2015-2016) er det derfor foreslått statlege midlar til å starte arbeidet med dette i 2016.
Konseptvalutgreiing med tilhøyrande ekstern kvalitetssikring (KS1) er gjennomført, og godkjent kommunedelplan ligg føre. Forslag til reguleringsplan har vore ute til offentleg ettersyn, og godkjent reguleringsplan for heile prosjektet er venta å liggje føre i løpet av 2016.
Eg har fått opplyst av Statens vegvesen at det på Sotra er behov for oppgradering av fylkesvegane både mot nord og sør (fv 561 Kolltveit – Ågotnes og fv 555 Kolltveit – Austfjorden). Her skal fylkeskommunen avklare standard før utarbeiding av reguleringsplanar. Pr. i dag er ikkje dei aktuelle fylkesvegstrekningane prioriterte i fylkeskommunale transportplanar/fylkesvegplanar.
Arbeidet med å utarbeide eit opplegg for delvis bompengefinansiering av Sotrasambandet pågår lokalt. Den førebelse tilrådinga lokalt er at Sotrasambandet blir fremma som eit sjølvstendig bompengeprosjekt, samtidig som det blir opna for å utvide bompengeordninga på eit seinare tidspunkt, etter kvart som planar og finansiering blir avklart.
Planlegginga av Sotrasambandet er kommen langt, og eg er samd i at Sotrasambandet blir fremma som eit sjølvstendig bompengeprosjekt. Korleis dei fylkeskommunale vegane skal finansierast må ein komme tilbake til når reguleringsplanar er utarbeidde og prosjekta er prioriterte i fylkeskommunale planar.