Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:432 (2015-2016)
Innlevert: 14.01.2016
Sendt: 14.01.2016
Besvart: 22.01.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): I svar på skriftleg spørsmål Dokument 15:1133 (2013-2014) viser statsråden til at planlegginga av E134 Haukelifjell skal skje etter standardklasse H2. Det vil seie smal veg og smal tunnel.
Vil statsråden etter val av E134 som hovudveg gje Statens vegvesen region vest og sør lov å planlegga med høgare standard slik dei i 2014 vart nekta?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: På bakgrunn av Statens vegvesen si aust–vestutgreiing har Samferdselsdepartementet etter drøftingar i regjeringa gått inn for at E134 skal vere ein av dei to hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet.
Dette inneber at trafikken på E134 kan auke, men det er usikkert kor fort den vil auke og til kva for eit nivå. Mellom anna vil omfanget av framtidige investeringar på strekninga ha mykje å seie. Planlegginga av vegen må derfor vere robust med omsyn til ulike alternative utviklingsbaner for trafikken. I tillegg må det takast omsyn til det ekstreme vêret som av og til oppstår på høgfjellsovergangane. Detaljløysingane må ta omsyn til at delar av dagens veg er freda.
For å unngå at snø samlar seg må vegen planleggjast utan rekkverk. I staden bør vegen ha forsterka midtoppmerking som også har vist seg å ha svært god verknad på trafikktryggleiken. Vegen vil derfor bli bygd med 9 m vegbreidde. Ein høgfjellsveg som denne, bør også liggje lett i terrenget og ha slake skråningar mot sidene. For å vere robust med omsyn til trafikkauke og eventuelle føringar om auka fartsgrense, bør vegen planleggjast med ein kurvatur som gir rom for fartsgrense 90 km/t.
Når trafikken når eit visst nivå, må vegen ha to tunnelløp, og reguleringsplanane må ta høgde for det. Tunnelane skal byggjast ut i to etappar. Første etappe inneber bygging av eitt tunnelløp med tunnelprofil T9,5. Andre etappe inneber bygging av eit nytt tunnelløp med same profil når kravet til nødutgangar slår inn. To tunnelløp med tunnelprofil T9,5 er den standarden som blir lagt til grunn på motorvegar.
Dette inneber ein standard som er noko høgare enn det som i vegnormalane er lagt til grunn for dimensjoneringsklasse H2.