Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sikre at Helsedirektoratet sin gjennomgang av LAR-retningslinjene for gravide kan føre til at kontrollert nedtrapping og avrusing i svangerskapet, eller aller helst før svangerskapet, blir eit klarare alternativ, og vil statsråden sikre at det vert prioritert midlar til meir kunnskapsinnhenting når det gjeld LAR-behandling og langtidseffekt for borna?
Begrunnelse
Sterke fagmiljø er i dag kritisk til helsedirektoratet sine retningslinjer for LAR-behandlinga av gravide av di konsekvensane for borna er for store. Kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt når det gjeld utviklinga for barn eksponerte for LAR-medisin i svangerskapet.