Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:457 (2015-2016)
Innlevert: 20.01.2016
Sendt: 21.01.2016
Besvart: 29.01.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Arbeidstilsynet opplyser på sine nettsider 6. januar i år at den polske svartenesta ikkje blir vidareført i 2016. Dette betyr at mange arbeidsinnvandrarar no mistar ei viktig moglegheit til å få informasjon og rettleiing om HMS og arbeidsmiljøreglar.
Er bakgrunnen for dette eit generelt kutt i bemanninga, skuldast det rekrutteringsutfordringar, eller har Arbeidstilsynet avgjort å prioritere andre oppgåver?

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Det er Arbeidstilsynet som på fagleg grunnlag vurderer innretninga på rettleiingsarbeid overfor verksemder og arbeidstakarar. Eg er kjent med at tilsynet har valt å ikkje vidareføre den polske svartenesta, og ressursane blir nå brukt til tilsynsoppgåver.
Arbeidstilsynet har framleis fleire gode rettleiingstilbod for utanlandske arbeidstakarar, til dømes eigne nettsider på polsk, engelsk, estisk og litauisk. Etaten tilbyr også personleg rettleiing til utanlandske arbeidstakarar på fire tverretatlege SUA-kontor (servicesentre for utanlandske arbeidstakarar) og har publikasjonar på ulike språk. Utover dette meiner tilsynet at den nasjonale svartenesta som svarar på spørsmål på norsk og engelsk er tilstrekkeleg for å rettleie utanlandske arbeidstakarar. Arbeidstilsynet vurderer kontinuerleg behovet for tilpassa rettleiing på andre språk, også polsk.