Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:507 (2015-2016)
Innlevert: 29.01.2016
Sendt: 29.01.2016
Besvart: 05.02.2016 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden vise til eit konkret døme på ei norsk bedrift som har møtt «stengsel» på ein utanlandsk marknad som bedrifta no vil sleppe, eller kan statsråden vise til eit døme på ein tenestemarknad i eit land som no vil opne seg som følgje av TISA-avtala?

Begrunnelse

Under debatten om regjeringa si melding om handel og globalisering brukte utanriksministeren marknadstilgang som argument for at Noreg må knyte seg til TISA-avtala. Statsråden slo mellom anna fast at «vi ønsker at norske bedrifter får adgang til viktige markeder hvor vi ser at det er vekst i tjenestesektoren».
Etter at saksordføraren frå Høgre hadde gått til åtak på Senterpartiet for partiet sin skepsis til TISA-avtala og spurd om ikkje Senterpartiet meinte Noreg trong «eksportinntekter og skatteinntekter» ba Senterpartiet sin representant Høgre sin representant om å vise til eit konkret døme på ei norsk bedrift som hadde møtt «stengsel» på utanlandske marknader som dei no ville sleppe som følgje av TISA-avtala.
Då svara Høgre sin representant at «det ikke er graden av stengsler i det internasjonale markedet som er det viktigste når det gjelder TISA-forhandlingene», men at det er «forutsigbarhet, trygghet og sikkerhet for investeringer som er det sentrale, og som vi ønsker å ivareta gjennom TISA-forhandlingene».
I eit intervju med Nationen 22.01.16 ser det like fullt ut til at marknadstilgang er motivasjonen bak TISA-avtala. Her uttalar Høgre sin representant at «det er ein del viktige marknader vi ikkje har avtaler med i dag. Vi står utan frihandelsavtale med seks av verdas ti største økonomiar, mellom anna USA og Japan. Så TISA vil kunne gje større marknadstilgang også».
Det er verd å merke seg at helvta av dei største økonomiane Noreg ikkje har frihandelsavtale med, heller ikkje er med i TISA-forhandlingane. Det er vanskeleg å sjå føre seg at TISA-avtala kan gje auka marknadstilgang til land som ikkje eingong er med i forhandlingane om avtala.
Underteikna har tidlegare spurd statsråden om han kan gje døme på land norske bedrifter vil få ny marknadstilgang til gjennom TISA-avtala. Underteikna har ikkje fått nokon slike døme.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: I Tisa-forhandlingane arbeider Noreg for å få på plass spelereglar som gjer tilgangen til utanlandske tenestemarknader mindre vilkårleg, og som sikrar at dei nasjonale reguleringane i andre land skal gjelde mest mogleg likt for nasjonale og utanlandske tenestebedrifter. Dette er viktig fordi det vil gje ein betre og meir føreseieleg marknadstilgang for norske bedrifter innanfor prioriterte sektorar som skipsfartstenester, energirelaterte tenester og tele-kommunikasjonstenester. Vi arbeider mellom anna for at tilhøva skal bli lettare å føresjå ved å binde marknadstilgangen for skipsfartstenester, energitenester, ingeniørtenester og telekommunikasjonstenester i Mexico og asiatiske Tisa-land. For skipsfartstenester er det eit viktig mål å avtalefeste eksisterande åpne marknader for internasjonal sjøtransport. For energitenester vil det viktigaste vere å sikre norske tenester likebehandling på offshore-marknaden innan sektorar som seismikkskyting, boring, ankerhandtering og ingeniørtenester. For telekommunikasjonstenester er det viktig å legge til rette for utanlandsk eigarskap i mobiltelefoniselskap. Forhandlingane er enno ikkje avslutta, og difor er det ikkje mogleg å seie noko om sluttresultatet for dei einskilde sektorane.
Fleire av deltakarane i forhandlingane er land som vi manglar bilateral handelsavtale med (t.d. USA og Japan). Andre land har vi handelsavtale med, men utan at avtalene inneheld substansielle forpliktingar når det gjeld handel med tenester (t.d. Canada og Mexico). I eit meir langsiktig perspektiv kan Tisa gje fleire fordelar. Noreg arbeider for at Tisa-avtalen skal bli multilateral og dermed omfatte marknadar som i dag ikkje er med i forhandlingane.