Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:523 (2015-2016)
Innlevert: 03.02.2016
Sendt: 03.02.2016
Besvart: 10.02.2016 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for alle måtane EU-parlamentet vert involvert i TISA-forhandlingane på?

Begrunnelse

I eit intervju med Euractiv.com 28. januar understrekar EUs rapportør i TISA-forhandlingane, Viviane Reading, tydinga av at EU-parlamentet involveres i TISA-forhandlingane. I intervjuet seier ho mellom anna at

«the MEPs are fully informed and the results of the negotiations are published on the website of the Commission, for any stakeholders of interested citizens to look at. But most importantly, MEPs are communicating with the chief negotiator before and after each round of negotiations, they can exercise an influence on how these negotiations go, in the interest of our companies and our citizens. We do this in full transparency, we inform, and that is the way that all negotiations in trade should be handled”.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Europakommisjonen, som forhandlar på vegner av EU, held Europaparlamentet informert ved å sende alle forhandlingsdokumenta over til handelskomiteen i parlamentet (INTA – International Trade). Dokumenta vert samstundes sende til komiteen for handelspolitikk i Rådet. Dokumenta er klassifisert som avgrensa og er ikkje offentlege.

Europaparlamentet har hatt ei gruppe som skal overvake Tisa-prosessen sidan september 2014. Gruppa møtest etter kvar forhandlingsrunde under leiing av saksordføraren for Tisa, og skuggesaksordførarane frå dei andre politiske gruppene deltar også. Dette er eit forum for dialog der forhandlarane informerer parlamentarikarane, og parlamentarikarane i sin tur gjev uttrykk for sine synspunkt.

Konsultasjonsmekanismane internt i EU er ikkje direkte samanliknbare med dei vi har i Noreg. Forankring i Stortinget er viktig og eg vil konsultere på eigna måte undervegs. Den demokratiske prosessen for Tisa er den same som for andre internasjonale avtalar. Regjeringa ønskjer å vere opne om Tisa-forhandlingane. Vi vil derfor halde fram å offentliggjere så mykje informasjon som mogleg.