Hadia Tajik (A): Kor lenge må eit barn eller ein annan særleg sårbar person eller vitne som skal avhøyrast etter forskrifta om tilrettelagde avhøyr i gjennomsnitt vente på avhøyr ved kvart enkelt av dei ulike barnehusa og politidistrikta?
Begrunnelse
Stortinget har vore tydelege på at vald og overgrep mot barn skal prioriterast i dei nye politidistrikta. Det same har Politidirektoratet og Riksadvokaten. Ei ny forskrift om tilrettelagde avhøyr som angir fristar for avhøyr av barn er og iverksett. Det er likevel grunn til å tru at det er skilnader mellom dei ulike barnehusa/politidistrikta når det gjeld i kva stor grad dei klarar å overhalde fristane angitt i forskrifta.