Sveinung Rotevatn (V): Ser statsråden behov for å skjerpe inn offentleglova, slik at offentleg tilsette som unndrar korrespondanse frå offentleg innsyn kan sanksjonerast?
Begrunnelse
Journalist Tarjei Leer-Salvesen skriv i artikkelen "rådmannen som sletter saksdokument" på nettstaden innsyn.no 10. mars om sitt forsøk på å få innsyn i ein e-post sendt frå sekretær i Arendalsuka Øystein Djupedal til rådmannen i Arendal kommune. Etter lang tids sakshandsaming mellom ulike instansar, enda det heile med at Sivilombodsmannen gav journalisten medhald i at e-posten ikkje kunne unndragast offentlegheit. Då Sivilombudsmannen sitt vedtak vart fatta, hadde rådmannen sletta den aktuelle e-posten, som heller ikkje var journalført i kommunen sitt arkivsystem. Journalisten fekk difor beskjed om at innsyn ikkje kunne gjennomførast.