Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:935 (2015-2016)
Innlevert: 18.04.2016
Sendt: 18.04.2016
Besvart: 25.04.2016 av olje- og energiminister Tord Lien

Gerd Eli Berge (Sp)

Spørsmål

Gerd Eli Berge (Sp): Kan statsråden leggja fram oversikt over det børsnoterte Statoil sine årlege utanlandsinvesteringar med tilhøyrande avskrivingar, årlege skattbare overskot frå utanlandsinvesteringane, årleg skatt betalt til landet der utanlandsverksemda er, og årleg skatt til Noreg frå Statoil sine utanlandsinvesteringar?

Begrunnelse

Eg bed om at statsråden i sitt svar synleggjer alle tala det blir spurt om både på enkeltland og kalenderår slik at det kjem fram korleis Statoil sine utanlandssatsingar fordelt på einskildland har påverka børsnoterteselskapet sine ulike årsresultat.

Tord Lien (FrP)

Svar

Tord Lien: Representanten Berge ønskjer ei oversikt over ei stor mengde rekneskapstal for mange land over ein ikkje definert tidsperiode. Statoil vart etablert i 1972 og har frå byrjinga av 1990-talet gradvis auka si internasjonale verksemd. Statoil og Norsk Hydro si petroleumsverksemd vart slått saman med verknad frå 1. oktober 2007. Norsk Hydro hadde også ein internasjonal portefølje. Eg har på den bakgrunn lagt ved rekneskapstal frå 2007 og fram til og med 2015 for så langt råd søkje å svare på representanten Berge sine spørsmål. Rapporteringa har utvikla seg over tid, mellom anna slik at ho har blitt meir detaljert dei seinare åra.
Statoil er eit internasjonalt oppstraums- og teknologibasert energiselskap med om lag 21 600 tilsette og verksemd i 37 land. Statoil er ein leiande operatør på norsk sokkel og har produksjon i 11 land utanfor Noreg: Algerie, Angola, Aserbajdsjan, Brasil, Canada, Irland, Nigeria, Russland, Storbritannia, USA og Venezuela.
Selskapet sin internasjonale produksjon utgjorde om lag 32 prosent av bokført produksjon i 2015. Delar av verksemda utanlands vart kjøpt i ein periode med høgare prisar på olje og gass enn det ein kan observere i marknaden i dag. Når slike situasjonar oppstår, er Statoil på bakgrunn av rekneskapsreglar, plikta til å gjennomføre nedskrivingar på nokre av sine eigardelar. Dette, saman med låge prisar på olje og gass, har hatt ein negativ verknad på resultatet frå Statoil si internasjonale verksemd.
Berge ber meg leggja fram ei oversikt over ei rekkje rekneskapstal frå Statoil si verksemd. Nokre av tala representanten Berge spør etter, blir ikkje publisert av Statoil. Eg vil nemna at Olje- og energidepartementet ikkje har andre rekneskapsdata frå verksemda til Statoil enn dei som er offentleg og såleis er kjende i marknaden. Det er difor ikkje mogleg å gje representanten Berge all den informasjonen ho spør etter.
Statoil si årsrapportering er likevel særs omfattande og er offentleg tilgjengeleg på Statoil sine heimesider[1]. Representanten Berge vil finne mykje data i dei ulike publikasjonane som til saman utgjer årsrapporteringa frå selskapet. Eg vil mellom anna peika på årsrapport i 20-F format som også inneheld konkret informasjon om selskapet si utanlandsverksemd. For ei meir detaljert oversikt over betaling av skatt, avgifter med vidare, til land der selskapet har verksemd, vil eg vise til rapporten "Payments to Governments".
Representanten ber om oversikt over utanlandsinvesteringar med tilhøyrande avskrivingar vist for einskilde land og kalenderår. Statoil rapporterer ikkje avskrivingar på landnivå. Utanlandsinvesteringane for einskilde land blir rapportert som ein del av Statoil si rapportering om bærekraft. Slike tal har Statoil rapportert i over ti år. Representanten vil finne ei oversikt over slike investeringar frå 2007 til 2015 i vedlegg 1.
Representanten ber også om ei oversikt over Statoil sine skattbare overskot frå utanlandsverksemda på land og kalenderår. Statoil rapporterer ikkje skattbart overskott per land.
Som ein del av bærekraftrapporteringa offentliggjer Statoil skatt betalt til land der selskapet har verksemd. I vedlegg 2 vil representanten finne ei detaljert oversikt over skatt, royalties, bonusar med meir som Statoil har betalt. Ein meir omfattande omtale kan representanten finne i rapporten "Payments to Governments" som vist til ovanfor. Statoil betaler i hovudsak ikkje skatt til Noreg for verksemd internasjonalt.
Eg vil til slutt gjere merksam på at ei fullstendig oversikt og forståing av Statoil sine finansielle resultat kan ein få ved ein samla gjennomgang av alle Statoil sine årsrapportar og årsrekneskap.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegget i pdf-format