Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1099 (2015-2016)
Innlevert: 13.05.2016
Sendt: 13.05.2016
Besvart: 20.05.2016 av næringsminister Monica Mæland

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva er status for regelrådet, og kva saker har dei handsama så langt?

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Regelrådet vart etablert ved kongeleg resolusjon 11. desember 2015 nr. 1903. Dei som er fast tilsette i sekretariatet, byrja i stillingane 1. april 2016. Regelrådet heldt sitt første møte 27. april; neste møte skal haldast 26. mai.

Det følgjer av § 7 i vedtektene til Regelrådet at vedtektene gjeld frå den dato departementet avgjer. Sidan rådet treng noko tid til å førebu verksemda, har eg fastsett at vedtektene gjeld frå 1. juni 2016, jf. kunngjering i Lovdata av vedtekter (FOR–2015–12–11–1903) og av dato for når vedtektene tek til å gjelda (FOR–2016–04–26–431). Regelrådet byrjar difor å handsame saker frå 1. juni 2016.