Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1100 (2015-2016)
Innlevert: 13.05.2016
Sendt: 13.05.2016
Besvart: 23.05.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden sørgje for at Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling framleis kan vere organisert som eit samvirke?

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Regjeringa har sendt på høyring eit forslag til nye reguleringar for private fagskuler og høgskular. Forslaga regjeringa har sendt på høyring byggjer på forslag frå ei ekspertgruppe som greia ut regelverket om tilskot og eigenbetaling for private høgskular og fagskuler. Ekspertgruppa blei leia av Marianne Andreassen, direktør for Statens lånekasse for utdanning. Ei samstemd ekspertgruppe anbefalte at privat høgare utdanning og fagskuleutdanning burde vere organisert som anten stiftelse eller aksjeselskap. Regjeringa følgde opp denne anbefalinga frå ekspertgruppa i høyringsnotatet. Eg meiner organisering som anten stiftelse eller aksjeselskap legg til rette for økonomisk kontroll, openheit og tydelege rammer for drifta elles. Samtidig får aktørane sjølv eit val mellom ein eigarlaus modell og ein eigarmodell, avhengig av kva dei finn føremålstenleg.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling er organisert som samvirke. Som vist til i høyringsnotatet ser eg ikkje bort ifrå at samverkeføretak kan være ei eigna organisasjonsform for ein høgskule. Dette er også Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling eit godt døme på. Likevel meiner regjeringa at ein av omsyn til eit enkelt regelverk som gir klare rammer bør avgrensa tal på lovlege formar for organisering av føretaka. Lov om samverkeføretak byggjer også på aksjelova, og har liknande reglar om blant anna styre og forsvarleg kapitalforvalting, men blant anna med den skilnad at aksjeselskapa etter lovføresegna ikkje må ha som hovudføremål å fremja dei økonomiske interessene til eigar, slik samverkeføretak skal etter samverkelova § 1.

Det er viktig for regjeringa at forslaga ikkje legg unødige byrder på aktørane, og at ein ikkje pålegg dei noko som ikkje fremmer målet om betre kontroll med statlege tilskot eller eigenbetalinga. Eg meiner likevel at eit krav om å organisere verksemda som anten aksjeselskap eller stiftelse ikkje er unødig, av omsyn til kontroll med studentanes og statens midlar, og eit einskapleg regelverk. Eg understrekar vidare at dette er eit forslag som er på høyring. Stillinga til regjeringa er førebels at ein må legge visse rammer for aktørane, blant anna gjennom å stille krav til organisering av føretaka deira. Eg ser fram til innspela frå sektoren om saka, og vil ikkje konkludere før fristen for innspel er ute.