Ingrid Heggø (A): Er det sett tak på antal utviklingskonsesjonar som vert innvilga, og kor stort er estimatet for innbetaling til Havbruksfondet i 2016 og 2017?
Begrunnelse
Arbeiderpartiet har tatt til orde for ei arealavgift til kommunane, slik at kommunar som alt har tilrettelagt for havbruk skal få langsiktige og føreseilege inntekter. Samtlege politiske parti på Stortinget, undateke SV og MGD, inngjekk ifm handsaminga av Meld. St. 16 Forutsigbar og miljømessig bærekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett, eit kompromiss om å opprette eit havfond. 80 % av inntektene frå årlig vekst og nye konsesjonar skulle inngå i dette fondet. 20 % skulle tilfalle staten. Havbruksfondet vart oppretta 1. januar i år, og meg bekjent er det ikkje komme ei einaste krone inn på fondet endå. I revidert budsjett for 2016 går det fram at 20 % av inntektene frå nye konsesjonar går til staten i tråd med Stortinget sitt vedtak. 80 % skal gå til havbruksfondet. 70 % skal fordelast med halvparten til kommunar som allereie har havbruk, og halvparten til kommunar som legg til rette for nye areal. Det vart også sett tak på utbetaling pr. kommune for nye konsesjonar. Signala som kjem frå oppdrettarane er at det ikkje vil bli vekst i år pga dei strenge lusekrava. Regjeringa tolkar også Stortingsvedtaket slik at innbetalinger frå nye konsesjoner som vart utlyst/gjevne før Stortingsvedtaket ikkje kjem inn i havbruksfondet sjølv om innbetalingane skjer etter 1. januar i år. I tillegg er dei nye utlyste utviklingskonsesjonane gratis. Det er og grunn til å tru at det er her veksten vil komme framover så slik sett er det grunn til å setje spørsmålstegn ved korleis utviklingskonsesjonane vil påverke kor mykje som er inn i havbruksfondet. Det er uklart om det er sett eit tak på kor mange konsesjonar regjeringa ønskjer å gje som utviklingskonsesjonar, eventuelle konsekvensar av utviklingskonsesjonane for havbruksfondet og korleis utviklingskonsesjonane er ramma inn for å unngå "verdsmeistereskap i søknadsskriving".