Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Vil helseministeren sikre at born også på Vestlandet får same tilbod om oppfølging og rehabilitering som andre helseforetak har, og kvifor har ikkje born som blir skada eit tilsvarande opplegg som vaksne pasientar på Vestlandet?
Begrunnelse
I 2012 var det ei nær drukningsulykke i Hordaland – nærare bestemt i Bjørsvik Lindås kommune. Barnet låg 40 min under vatn før livreddande hjelp kom til staden og blei satt i gong. Barnet har fått ei omfattande og alvorleg hjerneskade med mange følgeskader. Innan akuttmedisin er vi kome svært langt. Mange vert redda og mange treng omfattande oppfølging. Å fylgje opp eit barn med så omfattande skader krever riktig og tilstrekkelig kompetanse.
Det regionale helseforetaket har ikkje innarbeida rutinar i henhold til nasjonal behandlingslinje for hjerneskade hos born, noko som resulterer i mangelfull oppfølging av spesialisthelsetenesten og av kommunen. I slike alvorlege diagnosar treng spesialisthelsetenesta og kommunen tett samhandling om oppfølginga, og spesialisthelsetenesta må hjelpe kommunen med både kompetanseheving, forståing av denne alvorlege sjukdomen og ikkje minst kome ut i kommunen på aktuell tenestestad for å gje opplæring til personale som skal arbeide i heimen.
Det er meg bekjent at St.Olavs hospital og Ullevål sjukehus har utarbeidd nasjonale retningslinjer for pasientforløp for moderat til alvorleg erverva hjerneskade. Desse vert også nytta for born slik eg har forstått det. Tilsvarande retningslinjer har eg fått opplyst at Helse Bergen ikkje har eller nyttar på noverande tidspunkt.
I Helse Bergen-området har ein Nordåstundet som driv spesialisert behandling, opplæring av foreldre og kommunale team for vaksne (frå 17 år). Dette er eit viktig og riktig tilbod som har eit godt omdøme. Eg er ikkje kjent med at det finst eit tilsvarande tilbod for born med alvorlege skader, slik det finst for vaksne pasientar på Vestlandet. Eg forstår at ein del får tilbod om behandling på Sunnaas rehabiliteringssenter, fordi der ikkje er noko tilbod for born på vestlandet.