Jenny Klinge (Sp): Leiar av Politijuristene varsla i ei tidlegare høyring om barnehus i justiskomiteen om at ingen saker har vorte ferdig etterforska eller sendte til statsadvokatane sidan endringa om tilrettelagte avhøyr vart innført i starten av oktober 2015.
Har regjeringa teke dette varselet på alvor og gjort grep for å unngå at det skal bli slik Politijuristene åtvara mot?
Begrunnelse
Høg bortleggingsprosent når det gjeld seksuallovbrot, er eit stort problem. Og det er ille at NRK før jul i 2015 kunne melde at 80 pst. av overgrepssakene mot ungar blir lagt bort.
Leiar av Politijuristene, Sverre Bromander, sa på høyringa til justiskomiteen om barnehus at den nye praksisen, der påtalejuristane leier avhøyra, er fagleg godt fundert, men at det ikkje er teke høgde for ressurstapet. Han varsla om at ingen saker har vorte ferdig etterforska eller sendte til statsadvokatane sidan endringa om tilrettelagte avhøyr vart innført i starten av oktober 2015. Han varsla då auka restansar og lengre saksbehandlingstid på dette området om det ikkje vart teke grep.