Sveinung Rotevatn (V): Meiner statsråden at Statens Pensjonskasse si strenge praktisering av unnataksreglane for etterlatnepensjon er i tråd med det medlemmane av SPK ut frå ei allmenn rettsoppfatning bør kunne forvente, eller er det grunn til å legge seg på ein meir liberal praksis i påvente av forventa regelendringar på dette området?
Begrunnelse
Dersom ein livsledsagar eller nokon med forsørgaransvar fell bort, tilbyr samtlege norske forsikringsselskap ei ordning med etterlatnepensjon – ei langsiktig og løpande yting som kompenserer for tapt inntekt, slik at opptente pensjonsrettar fell til den avlidne sin attlevande familie. Krava for å bli rekna som mottakar av etterlatnepensjon er hos dei fleste forsikringsselskap at ein har vore gift eller sambuar over ein gitt tidsperiode.
Statens Pensjonskasse, derimot, praktiserer reglar som krev at ein må ha vore gift i minimum eitt år for å kunne motta etterlatnepensjon. Sidan sambuarskap i stor grad no har blitt ei likestilt og normal form for samliv, er dette ei avgrensing som vil vere i strid med den allmenne rettskjensla til mange. Eg er kjent med at det går føre seg eit arbeid som ser på oppdateringar av regelverket, og håpar Stortinget kan få ei sak til handsaming snarast råd.
I påvente av regelendringar, er det likevel grunn til å sjå på praktiseringa av dagens regelverk. Statens Pensjonskasse har nemleg unnataksreglar frå eittårsregelen, som kan nyttast når «spesielle grunner» ligg føre. Dette vil vere tale om situasjonar der den etterlatne er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, har forsørgaransvar for mindreårige born, har vore i eit langvarig sambuarforhold med avlidne eller har hatt pleie- og omsorgsoppgåver for vedkomande.
Eg er likevel kjent med at i saker der eitt eller fleire av desse elementa ligg føre, har SPK lagt til grunn ein svært streng praksis for å gjere unnatak frå hovudregelen. Mellom anna vert 10 års sambuarskap ikkje vurdert å vere langvarig. I perioden 2004-2013 skal berre 49 søknadar om å gjere unnatak frå hovudregelen ha blitt innvilga.