Skriftlig spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1269 (2015-2016)
Innlevert: 10.06.2016
Sendt: 13.06.2016
Besvart: 20.06.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Eg syner til rasa på E16 i Hordaland mellom Bergen og Voss, og meiner situasjonen er uhaldbar og at tiltak må på plass snarast og før NTP er venta til Stortinget, kva tiltak vil statsråden setje i verk for å tryggje den nemnde vegstenginga?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det er viktig å gjera våre vegar trygge for trafikantane. Regjeringa har stort engasjement for auka trafikksikkerhet, og har prioritert opp satsinga på vegutbygging og –vedlikehald. Etter skred på E16 ved Stanghelletunnelen i 2013 utarbeidde Statens vegvesen ein rapport med forslag til kortsiktige skredsikringstiltak på E16 mellom fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane og Arna/Trengereid. Rapporten omfatta tiltak for sikring mot både jord- og steinskred og nedfall av is, samt forslag om radarovervaking av bergsider på eigna stader med sikte på førehandsvarsling av skred. Tiltaka var kostnadsrekna til totalt om lag 100 mill. kr. I Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2014-2017 (2023) vart det lagt opp til å starte gjennomføringa av desse tiltaka i første fireårsperiode, med til saman 26 mill. kr i 2016 og 2017.
Arbeidet med dei kortsiktige skredsikringstiltaka på E16 vart starta alt i september 2015, finansiert gjennom omdisponering av om lag 13 mill. kr i varige innsparingar på andre skredsikringsprosjekt. I statsbudsjettet for 2016 er det løyvd 18 mill. kr til vidareføring av arbeida innafor post 31 Skredsikring riksveg. I tillegg er eit permanent skredvarslingsanlegg i Bogelia i Vaksdal finansiert innafor post 23 (om lag 10 mill. kr), og det er kjøpt inn eit system for utløysing av skred ved hjelp av helikopter.
Auka nedbørsmenger fører dessverre til større skredfare, også på stader der det fram til i dag ikkje har gått skred. Til dømes gjekk det siste skredet ved Kluftafjelltunnelen i Voss på ein stad der det ikkje har vore registrert skredfare tidlegare. Mange stader er det dessutan vanskeleg å få god effekt av midlertidige/kortsiktige tiltak. Tiltaka som no blir gjennomførte, vil likevel avhjelpe situasjonen. Eg ser det derfor som svært viktig å sikre at det blir prioritert midlar til gjennomføring av ytterlegare tiltak i 2017.
Det er viktig å få på plass meir permanente løysingar som bygging av tunnelar og/eller skredoverbygg. Regjeringa fastsette i desember 2015 strategi for framtidig utvikling av Vossebanen og E16 mellom Arna og Voss, der ein for strekninga Arna-Stanghelle legg til grunn konseptvalet K5. På lang sikt vert det og lagt til grunn at K5 kan realiserast på strekninga Stanghelle-Voss, men Samferdselsdepartementet er og open for at andre løysingar kan vurderast her. Vidare planlegging på strekninga Arna-Stanghelle skal skje ved statleg plan, og det er lagt opp til å gå rett på reguleringsplan for å sikre rask og effektiv framdrift. Prioritering av midlar til utbygging av strekninga vurderast i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2029. Utbygging av strekninga Stanghelle-Voss er føresett vurdert ved seinare revisjonar av Nasjonal transportplan. I mellomtida må skredsikringstiltak i dagens trase vurderast.