Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden stadfeste korleis folkehelsekonsekvensar vert omsynsvurdert for ulike alternative framtidige utbyggingstiltak innan Samferdselsdepartementets breie ansvarsområde, og spesifikt - som eksempel - stadfeste at folkehelsekonsekvensar vil verte gjort greie for i det føreståanda arbeidet med kvalitetssikring og departementets oppfølging av Jernbaneverkets KVU for logistikknutepunkt i Bergensregionen?
Begrunnelse
Viser til at Konseptvalgutredning logistikknutepunkt i Bergensregionen, publisert av Jernbaneverket den 8.desember 2015, er på høyring. I KVU- dokumenta er folkehelse mangelfullt omtalt, berre kort nemnt i ein delrapport, m.a. " at alle statlige sektorer har et folkehelseansvar", men er ikkje forsøkt omsynsvurdert. I Folkehelselova av 24.juni 2011, er folkehelse konstatert som eit overordna og tverrsektoriell ansvar. Riksrevisjonens undersøking av offentleg folkehelsearbeid( Dokument 3:11(2014-2015) viser til behovet for å styrke arbeidet med å forankre folkehelse på tvers av sektorar gjennom synleggjering av helsekonsekvensar knytt til ulike sektorars ansvarsområde.