Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1304 (2015-2016)
Innlevert: 15.06.2016
Sendt: 16.06.2016
Besvart: 22.06.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Korleis kan det offentlege stille opp økonomisk for dei familiane der barn har omfattande pleie og tilsynsbehov, og kva ordninger finst det for desse?

Begrunnelse

Der er ein del tilfeller der begge foreldre må delta i omfattande pleie og tilsyn for deira barn som har fått store skader etter ulykker, sjukdom eller medfødte funksjonshemminger for å ivareta ei forsvarleg omsorg når barnet er heime.
Omsorgs- og oppfølgingsbehovet hjå desse familiane med barn som har store behov og som til ei kvar tid må ha fleire personer rundt seg for å ivareta forsvarleg teneste er svært krevjande.
Det rapporteres også om at store omsorgs- og oppfylgingsbehov gjer det vanskeleg å kombinere med ordinær jobb utanfor heimen. Slik eg har forstått lovverket så får ein pleiepenger kun i 1 år, utover det kan ein bli sjukemeldt i ein periode før ein må gå over på arbeidsavklaringspenger. Familier med slike store hjelpebehov for sine barn får også grunn- og hjelpestønad. Dette går ofte med til ekstrautgifter. Det er også mogleg å søkje om omsorgsløn, men dette er ei kommunal stønadsordning som vert tildelt etter skjønn og som baseres på kva budsjett kommunen til ei kvar tid har.
Nye regler for pleiepenger som ennå ikkje er vedteke vil slik eg har fått det forklart ikkje gjelde denne gruppa som har desse utfordringane som beskrevet. Foreldre som har barn med så omfattande pleiebehov må vere "på vakt" heile tida, sjølv om barnet har team rundt seg. Unntaket er når barnet er i barnehage eller skule eller på helgeavlastning, då har foreldra eit høve til å gjere andre ting som er naudsynte i ein heim, eller rett og slett få seg kvile og ta seg av andre barn i familien.
Sjølv om barnet har eit pleieteam rundt seg, så er ein alltid avhengig av foreldre som stiller opp. Det kan også hende at personalet i teamet vert sjuke, eller at kommunen ikkje klarer å få inn kvalifisert vikar, i desse situasjonane så stiller foreldra opp. Når ein då i tillegg skal gå i arbeid for så å kome heim til eit krevjande arbeid også der, og i tillegg ta seg av dei friske barna så er dette ganske utmattande. For denne spesielle gruppa, og då er det altså snakk om dei med svært omfattande behov for pleie og tilsyn, så burde det vore eit opplegg som gjer at foreldre kan få stønad utover 1 år slik at ein kan få muligheten til å vere tilstades som foreldre og omsorgspersonar.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Eg vil innleiingsvis peike på at det er eit kommunalt hovudansvar å sørge for naudsynte helse- og omsorgstenester til alle personar, barn som vaksne, som oppheld seg i kommunen. Dette kan vere rehabilitering, medisinsk habilitering, helsetenester i heimen, personleg assistent, avlastingstiltak, praktisk bistand, opplæring, støttekontakt og plass på sjukeheim mv. Kommunane har ikkje ansvar for å kompensere tapt inntekt, men kan gi omsorgslønn som ein kompensasjon for at pårørande utfører oppgåver kommunen elles ville vore pliktig å tilby.
Gjennom folketrygdlova kan yrkesaktive foreldre ha rett til omsorgspengar (sjukt-barn-dagar) ved fråvær frå arbeidet på grunn av sjuke barn med inntil 10 dagar ved omsorg for eit til to barn, og inntil 15 stønadsdagar ved omsorg for meir enn to barn. Talet stønadsdagar blir dobla når medlemmen er aleine om omsorga. Dersom barnet er kronisk sjukt eller funksjonshemma og dette fører til ein markert høgre risiko for fråvær frå arbeidet, kan det gis eit tillegg på 10 stønadsdagar for kvart kronisk sjuke eller funksjonshemma barn. Denne ordninga blir kalla utvida rett til omsorgspengar.
Pleiepengar etter folketrygdlova er ei midlertidig inntektserstatning til yrkesaktive foreldre med omsorg for sjuke barn under 12 år i samband med behandling i helseinstitusjon eller til yrkesaktive foreldre til livstruande eller svært alvorlege sjuke barn under 18 år. Det er eit vilkår at barnet ikkje er varig sjukt. Ved varig sjukdom er det kommunen som har ansvaret for naudsynte helse- og omsorgstenester, ev. kan det gis hjelpestønad frå folketrygda. Det er likevel unntak for å gi pleiepengar ved varig sjukdom når barn er svært alvorleg sjuke og anten er i startfasen av sjukdomen, i ein ustabil fase eller har ein progredierande sjukdom. Det er ikkje slik at pleiepengar berre blir gitt i eitt år og at ein deretter går over på sjukepengar og arbeidsavklaringspengar, slik det går fram av grunngjevinga til spørsmålet. Det er inga bestemt tidsavgrensing på pleiepengar i dag, men pleiepengar blir berre gitt så lenge det er behov for pleie, i tillegg til at pleiepengar ikkje blir gitt ved varige pleiebehov. Eg understreker også at det er eit vilkår for både sjukepengar og arbeidsavklaringspengar at medlemmen har nedsett inntekts- eller arbeidsevne på grunn av eiga sjukdom.
Hjelpestønad etter folketrygdlova er ei kontantyting som gis med ulike satsar til pleietrengane barn under 18 år. Det er vilkår at barnet er varig sjukt og har større pleiebehov enn det friske barn har. For dei høgare satsane må pleiebehovet vere vesentleg. Det må vidare vere etablert privat pleieforhold. Det er foreldra som disponerer ytinga som verje for barnet.
Regjeringa sende hausten 2015 eit forslag til endringar i pleiepengeordninga på høyring. Det har kome inn mange høyringssvar. Dei fleste er gjennomgåande positive til utvidingane, men mange er negative til grepa som inneber visse innstrammingar for ein del av dei som i dag er omfatta av ordninga.
Mitt departementet arbeider med å følgje opp saka. Eg viser til mitt svar av 16. juni 2016 til skriftleg spørsmål nr. 1251 frå stortingsrepresentant Kirsti Bergstø om det vidare arbeidet.