Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1442 (2015-2016) Innlevert: 12.08.2016 Sendt: 15.08.2016 Besvart: 24.08.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale
Geir Pollestad (Sp): Hva vil statsråden gjøre for å sikre at vedtaket om at det ikke skal foregå reinbeiting på Lenvikhalvøya, overholdes i tråd med gjeldende vedtak?
Jon Georg Dale: Problemstillinga med rein på Lenvikhalvøya har tidlegare vore oppe som spørjetimespørsmål, spørsmål for skriftleg svar i 2011, og spørsmål for skriftleg svar i 2012. Det har elles vore teke kontakt mot departementet om saka frå lokale interesser ei rekkje gonger. Konflikten er gamal og vel kjent.Den ulovlege beitinga på Lenvikhalvøya har tidvis temmeleg intenst vore følgd opp av reindriftsforvaltninga ved bruk av reindriftslova sine føresegner, men utan at ein har lukkast med å komme denne beitinga til livs. Oppfølginga må òg skje etter forvaltningslova sine føresegner, og det vil ofte gå noko tid før eit vedtak ligg føre og kan setjast i verk, ikkje minst om det vert satt fram klage. Utdriving/uttransport har tidvis òg vore forsinka på grunn av omsynet til velferda for dyra, knytt til mellom anna kalving.Etter reindriftslova er det Fylkesmannen og Reindriftsstyret som har kompetanse til å fatte naudsynte vedtak og følgje dei opp. Som landbruks- og matminister er eg oppteken av at styresmaktene si oppfølging er så effektiv som mogleg. Av den grunn vil eg be om at fylkesmannen i Troms og Landbruksdirektoratet, i god tid før neste "sesong", generelt klargjer dei formelle rammene og dei ulike trinna i sakshandsaminga, slik at det ved eventuell ny reinbeiting på Lenvikhalvøya raskt kan gjerast det som er naudsynt for å treffe vedtak og følgje dei opp. Mattilsynet må òg trekkast inn dette arbeidet.