Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1500 (2015-2016)
Innlevert: 26.08.2016
Sendt: 29.08.2016
Besvart: 05.09.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Mattilsynet har stoppet bruken av NoFence i Bergens-området av hensyn til dyrevelferd.
Hva er den faglige begrunnelsen for denne beslutningen?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Mattilsynet opplyser at dei har gjort sine vurderingar med utgangspunkt i at bruk av strømklave til geit for å avgrense det området dei skal opphalde seg på, er ei ny metode.

Mattilsynet syner i den samanhengen mellom anna til lov om dyrevelferd § 8 andre ledd der det heiter:

"Den som markedsfører eller omsetter nye driftsformer, metoder, utstyr og tekniske løsninger til bruk på dyr eller i dyrehold, skal påse at disse er utprøvd og funnet egnet ut fra hensynet til dyrevelferd."

Mattilsynet meiner det ikkje ligg føre tilfredsstillande dokumentasjon på at NoFence er eigna til å ta vare på velferda til dyra. Denne konklusjonen har dei trekt på grunnlag av ei fagleg vurdering Veterinærinstituttet har gjort av ein rapport frå forsøk med NoFence. Ut frå dette har Mattilsynet stoppa bruken av NoFence i Bergensområdet.

Mattilsynet opplyser elles at firmaet NoFence har sendt over ein ny rapport frå forsøk med NoFence. Denne rapporten er òg sendt til Veterinærinstituttet for vurdering. Svaret frå Veterinærinstituttet ligg ennå ikkje føre.

Eg synest det er svært interessant med norsk utvikling av ny teknologi som kan betre utnyttinga av beiteressursane i utmarka. Regjeringa er oppteken av god dyrevelferd. Bruk av utmarksbeite er positivt både for dyra og husdyrnæringa.

Eg har difor i brev til Mattilsynet 2. september 2016 understreka at tilsynet må legge til rette for den utprøvinga som er naudsynt, for å avklare om NoFence er eigna ut frå omsynet til dyrevelferd.