Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1555 (2015-2016)
Innlevert: 06.09.2016
Sendt: 06.09.2016
Besvart: 12.09.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Regelrådet har gitt rødt kort til kvaliteten på saksutredningen om konsesjonsloven som nå er på høring.
Vil statsråden trekke tilbake høringen og sørge for at den oppfyller de kravene som ligger i utredningsinstruksen eller vil statsråden kjøre saken videre på sitt ideologiske liberalistiske grunnlag?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget behandla 16. februar 2016 Innst. 153 L (2015-2016) frå Næringskomiteen. Innstillinga gjaldt regjeringa sitt lovforslag i Prop. 124 L (2013-2014) om endringar i konsesjonslova (oppheving av priskontroll). Stortinget vedtok å sende lovforslaget attende til regjeringa.
Samtidig blei regjeringa bedt om å kome attende til Stortinget med ei rekkje ulike forslag til endringar i konsesjonslova, odelslova og jordlova.
Spørsmålet frå representanten Pollestad gjeld Regelrådet si uttale knytt til høyring av mellom anna desse forslaga til endringar. Forslaga vart sendt på høyring i juni med høyringsfrist 26. september 2016.
I uttalen sin har Regelrådet peika på at høyringsnotatet ikkje oppfyller punkt 2.1 i Utredningsinstruksen. Regelrådet har i samband med dette peika på at det er utfordrande å greie ut om eller berekne verknaden av ein del av forslaga, men etterlyser likevel ei utgreiing av moglege verknader. Regelrådet har spesielt peika på at:

"Nullalternativet, samt flere alternative tiltak burde vært belyst, eventuelt burde argumenter for hvorfor ikke andre alternativer er aktuelle blitt diskutert. Virkningene burde vært beskrevet og tallfestet så langt som mulig, eventuelt burde det vært tydeliggjort hvorfor dette ikke var mulig. Utredningen mangler en samlet vurdering av om forslagenes nyttevirkninger veier opp for deres kostnadsvirkninger, og dermed om tiltaket er samfunnsøkonomisk lønnsomt eller ikke."

Eg har merka meg uttalen frå Regelrådet og vil gå grundig inn i den i samband med oppsummering av høyringa før saka fremmast for Stortinget.
Eg vil leggje til at vedtaka Stortinget gjorde 16. februar i år inneber at eg har fått eit oppdrag frå Stortinget. Min intensjon er å leggje til rette for å gjennomføra oppdraget. Høyringsprosessen vil samla sett òg gi bidrag til å sikre Stortinget eit solid fundament for eventuelle lovendringar.