Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1589 (2015-2016)
Innlevert: 12.09.2016
Sendt: 13.09.2016
Besvart: 19.09.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil Stortinget få proposisjonen om E39 Rogfast i haust, og kan statsråden gje garanti for at tunnel til Kvitsøy vil vera ein del av Rogfast-prosjektet?

Begrunnelse

Då nasjonal transportplan vart lagt fram våren 2013 vart det varsla oppstart hausten 2015. Av ulike årsaker knytt til omregulering har det teke noko lengre tid.

Denne regjeringa lova framskunding av prosjektet i eit PR-framstøt tidlegare i år. Det var ikkje lett å sjå kva det skulle framskundast i høve til.

No er det høgst uklare signal om prosjektet og når det er klart. Prosjektleiaren seier ein ting i media og statsråden har eit heilt anna bodskap. Det gjeld og spørsmålet om Kvitsøy. Det er og vanskeleg å forstå kvifor det er ein prosess om Kvitsøy om det er slik at det er uaktuelt å ta ut Kvitsøy frå prosjektet.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Arbeidet med ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet E39 Rogfast er no i sluttfasen. Med mindre det kjem opp forhold gjennom KS2 som det vil krevje tid å få avklart, vil saka bli lagt fram for Stortinget i løpet av haustsesjonen 2016.

Den undersjøiske tunnelen under Boknafjorden inkluderer ein tunnelarm opp til Kvitsøy. Eg kan forsikre representanten Pollestad om at det ikkje er planar om å ta denne ut av prosjektet. Dette har eg også tidligare gjort kjend gjennom media.