Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1595 (2015-2016)
Innlevert: 14.09.2016
Sendt: 14.09.2016
Besvart: 22.09.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kor lang tid meiner statsråden det er forsvarleg at basestasjonar er ute av drift, og vil statsråden iverksetje tiltak som sikrar at tida det går frå ein stasjon fell ut til den er i drift igjen går ned, eventuelt innføre strengare krav om sikringsordningar?

Begrunnelse

Også i år har lynnedslag og andre naturgjevne hendingar ført til at basestasjonar for mobiltelefoni fell ut av drift. Mange verksemder og privatpersonar er avhengige av eit stabilt og føreseieleg mobilnett både av verksemdsøkonomiske, beredskapsmessige og tryggleiksmessige omsyn.

Mange stader i Distrikts-Noreg er berre dekka av éin basestasjon og er såleis meir utsette enn stader der ein er dekka av fleire stasjonar der ein vil oppnå dekning jamvel om ein fell ut av drift. Mange stasjonar har òg sikringsordningar som naudstraum og liknande, men langt frå alle.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Mobiltelefoni og mobile breibandtenester blir stadig viktigare for folk og næringsliv over heile landet. Vi er vande med at dei norske mobilnetta har god kvalitet og høg oppetid. Det gjer at vi og forventar at netta skal fungere så godt som alltid og over alt.

Vi set strengje krav til mobilselskapa i lov om elektronisk kommunikasjon og tilhøyrande regelverk. Tenestene skal ha forsvarleg tryggleik og tilbydarane skal ha nødvendig beredskap. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit fører tilsyn med at dei kommersielle tilbydarane gjer som dei skal. Feil i netta skal rettast raskt og langvarige utfall må grunngjevast. Det vil alltid kunne skje tekniske feil eller andre hendingar som gjer at basestasjonar ikkje fungerer. Det gjeld særleg i eit land som Noreg der vêr og vind kan gjere det utfordrande å rette feil. Eg meiner dagens regelverk, tilsyn og sikringsordningar fungerer godt og er ein betre løysing enn å setje tidsfristar som vil måtte justerast for kvart enkelt tilfelle.

I Noreg har vi i dag fleire tilbydarar av mobilnett. Både Telia og Telenor har god dekning dei fleste stader. Mobilnetta blir bygde for å gi god dekning og god kapasitet. Som representanten skriv vil det i område med stor trafikk og mykje folk ofte vere fleire basestasjonar som gir dekning i det same området. Eit utfall av ein basestasjon i nettet vil gi redusert kapasitet, men folk vil framleis kunne ha dekning. I område med liten trafikk kan det vere dekning frå berre ein basestasjon og eit utfall vil derfor føre til at dekninga blir heilt borte.

Det vil vere svært kostbart og lite formålstenleg om kvart enkelt mobilselskap skal etablere overlappande dekning med basestasjonar over heile landet for å redusere nedetid i mobilnetta. Dei fleste brot i netta skuldast svikt i lokal straumforsyning. Regjeringa har derfor pålagt mobilselskapa å etablere fire timar reservestraum i netta i distrikta og to timar reservestraum i byane. Utbygginga er allereie godt i gong og nedetid blir redusert. Mobilnetta blir som nemnd stadig viktigare for folk i kvardagen og ved større hendingar. Regjeringa har derfor også starta programmet "Forsterket ekom" der staten løyver midlar til å sikre ein basestasjon i kvar kommune som er viktig for lokal krisehandtering og beredskap. Basestasjonane blir utstyrde med minst tre døgn reservestraum og alternative føringar av kommunikasjon. Vi har starta med dei mest utsette kommunane og arbeider for at alle kommunar skal ha ein stad med forsterka mobilkommunikasjon.

Dersom ein er sterkt avhengig av mobiltelefonen og opplever stadige og langvarige brot kan det vere lurt å bytte leverandør eller ha eit rimeleg SIM-kort frå ein annan tilbydar i reserve. Eg vil også gjerne nytte høvet til å minne om at ein kan ringje nødnummer over alle tilgjengelege nett ved å ta ut SIM-kortet eller ikkje taste kode på mobilen.