Kjersti Toppe (Sp): Forsvaret vil utvide den militære forbodssona i Herdlefjorden i Hordaland frå å ikkje berre gjelde delar av fjorden, men også store delar av viktige bustad- og industriområder i området.
Vil statsråden informere om kva inngripen dette faktisk vil få for aktivitetar på land og i fjord, syte for at forsvaret opprettar god dialog med aktuelle kommunar, og vil statsråden ta initiativ til ei vurdering av moglegheitene for å flytte det militære anlegget til eit mindre folkerikt område med lågare konfliktpotensiale?
Begrunnelse
Forsvaret si varsla utviding av det militære forbodsområdet i Herdlefjorden vil ramme hundrevis av bustadhus og fleire store bedrifter (jamfør oppslag om dette i BT 13/9). Det har ifølgje media vore vanskeleg for kommunen å få informasjon av kva utviding av forbodssona vil bety i praksis, særleg på land. Kartet viser at store område på land også vil bli omfatta av den nye forbodssona.