Geir Pollestad (Sp): Meiner statsråden at kommunane Rennesøy, Bokn og Kvitsøy kan skuldast for å ha forseinka arbeidet med regulering av Rogfast med 2-3 år?
Begrunnelse
Statsråden har gjort det til sin parademarsj å skulda på lokalpolitikarar. Det er ein ny trend i vårt styringssystem etter at Frp kom i regjering at ansvarleg statsråd legg ansvaret på alle andre enn seg sjølv.
I eit innlegg i Stavanger Aftenblad 13. september kjem statsråden med skuldingar mot kommunane som regulerer Rogfast. Kommunane på si side peikar på at dette kjem av at statsråden sin eigen etat har stilt krav om nye krav til stigning i tunnelar.