Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden gje UFK sine medlemer tilgang til innhaldet og konklusjonane i Terskelstudien, opplyse kor lenge den har pågått, samt gje medlemene i komiteen tilgang til alle rapportar som er utarbeidd og under arbeid som grunnlag for Terskelstudien?
Begrunnelse
Klassekampen skreiv tysdag 13. september at analytikarar ved FFI hausten 2014 begynte å jobbe fram alternativ til dagens forsvar, då ein meinte at Noreg ikkje hadde råd til alle dagens kapasitetar i Forsvaret. Arbeidet fekk namnet Terskelstudien og held på framleis.
Rådet var, i følgje Klassekampen, å førebu omlegginga av det norske forsvaret til ein ny og «radikal» forsvarsstruktur. Framtidas forsvar er offensivt, langt meir tilpassa Nato sine behov – og utan ein tradisjonell hær, hevda forskarane. Det var konklusjonen i ein hemmeligstempla rapport datert august 2015.
Klassekampen skriv at dei kjenner til dei oppsiktsvekkande konklusjonane i arbeidet med Terskelstudien. Desse skal vere at det einaste bærekraftige Forsvaret innafor dagens budsjettrammer, er «operasjonelt offensivt» og består i hovudsak av kampfly, ubåtar og spesialstyrker, der den tradisjonelle hæren må avviklast, til fordel for lette og meir mobile bakkestyrkar. FFI omtalar sjølv denne forsvarsstrukturen som «radikal».
Forsvarsministeren har fleire gonger, seinast på Army Summit, vist til usemje rundt kva Hæren treng av investeringar og innretning på Hæren. Stortinget og offentlegheita har like fullt aldri fått informasjon som skulle tilseie anna enn at vi treng ein hær med ein mekanisert brigade. Seinast fredag 23.
august stadfesta sjefen for Etterretningstenesta dette, med en tydeleg kritikk av langtidsplanen.
Statsråden har fleire gonger signalisert at ho vil syte for openheit i Forsvaret. Til dømes er statsråden sitert av Aftenposten 7. januar 2014 på at «åpenhet er viktig for meg. Og da mener jeg ikke åpenhet som et honnørord, men reell åpenhet. Åpenhet betyr særlig å bidra til et korrekt bilde av virkeligheten».