Skriftlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:13 (2016-2017)
Innlevert: 04.10.2016
Sendt: 05.10.2016
Besvart: 12.10.2016 av finansminister Siv Jensen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Kan statsråden gjera greie for utviklinga i høvesvis sparebankane sine grunnfond (den sjølveigde kapitalen), eigenkapitalbevis og sparebankstiftingane sine eigelutar i bankane frå 2000 og fram til i dag?

Begrunnelse

Eg ber òg om eit oversyn over andelen utanlandsk eigarskap i eigenkapitalbevisa.
Sparebankane er ein særs viktig del av den finansielle infrastrukturen i Noreg, og har med sin desentraliserte struktur vore viktige for finansiering av næringslivet i distrikta. Samstundes har desse bankane hatt ein særmerkt eigarstruktur: tradisjonelt har dei vore sjølveigde. Den opphavlege, innskotne grunnkapitalen har vore utgangspunktet for bankane sin aktivitet, og grunnfondet i banken har vokse i takt med avsett overskot. Frå og med slutten av 1980-åra det vore mogleg for sparebankane å utferda grunnfondsbevis, seinare kalla eigenkapitalbevis, og gjennom dette skapa seg ein privat investorbase som eig delar av banken. Ved fusjonen mellom DNB og Sparebanken NOR på byrjinga av 2000-talet, vart det gjeve løyve til å skyte den sjølveigde samfunnskapitalen frå Sparebanken Nor ut i ei sparebankstifting. Ved endringa i sparebanklova i 2009 vart det heimla ei generell moglegheit til konvertera bankens grunnfond til eigenkapitalbevis (eller aksjar), og leggja desse eigelutane over i ei sparebankstifting. I åra etter 2009 har det kome til om lag 30 sparebankstiftingar i Noreg. Det er difor no rett å seia at det finst 3 typar eigekapital i sparebankane: Tradisjonell sjølveigd kapital i bankane sine grunnfond, sjølveigd kapital konvertert til eigenkapitalbevis overførd til ei sparebankstifting, og privateigd kapital kome til gjennom utferding av eigenkapitalbevis. Å halda oversikt over korleis desse ulike formene for kapital utviklar seg, er ein viktig føresetnad for å vita noko om strukturutvikling og eigarskapet i sparebanksektoren.