Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:113 (2016-2017)
Innlevert: 21.10.2016
Sendt: 24.10.2016
Besvart: 27.10.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Når vil samferdselsministeren gje den naudsynte bestillinga til Statens vegvesen slik at planlegginga av E39 gjennom Gullkista i Breimsfjellet i Gloppen kommune kan setjast i gong?

Begrunnelse

I februar i år svara samferdselsministeren på eit skriftleg spørsmål kring planlegging av E39 gjennom Gullkista i Breimsfjellet. Svaret var positivt for prosjektet, og Gloppen kommune har i månadsvis venta på at planlegginga skulle startast opp. Så langt har ikkje noko skjedd i saka.
Statens Vegvesen opplyste på eit møte tidlegare i oktober at årsaka til at ein ikkje kan starta planleggingsarbeidet er at det manglar konkret bestilling frå Samferdselsdepartementet. Ei slik bestilling kunne kome i budsjettproposisjonen for 2017, men det vart eit vonbrot. Etter kvart har mange representantar frå regjeringspartia lova mykje, og forventningane til at lovnadene vert følgde opp er store.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Statens vegvesen opplyser at det i 2016 er sett av vel 1 mill. kr til å gjennomføre eit forprosjekt for områda med dei to største flaskehalsane på strekninga, Gullkista og Jarbru. Arbeidet så langt har avklart at det må byggjast tunnelar både ved Gullkista og Jarbu, noko som er svært kostnadskrevjande. Det blir no vurdert om det er mogeleg å redusere kostnadene samstundes som vegstandarden blir tilfredsstillande. Prioritering av eventuelle tiltak på strekningane må avklarast gjennom arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2029.