Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:180 (2016-2017)
Innlevert: 03.11.2016
Sendt: 04.11.2016
Besvart: 11.11.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Då NAV-reforma vart vedteken vart det etablert NAV-kontor i alle kommunar. Det skulle gje brukarane likeverdige tenester uavhengig av bustad og samordna verkemidlane med det kommunale kontoret som ei felles dør inn til sektoren. Frå ulike hald kjem det no uromeldingar om at det pågår ei stor reform av den kommunale strukturen.
Korleis ser statsråden føre seg at reforma skal gjennomførast, og korleis vil ho ivareta tenestesr nær folk i alle kommunar som føresett då reforma vart vedteken?

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: I arbeids- og velferdsforvaltningslova heiter det at "Arbeids- og velferdsetaten og kommunene skal ha felles lokale kontorer som dekker alle kommuner. (…)Kontoret skal opprettes ved avtale mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunen. (…)Hvis kommunen delegerer sin myndighet til et interkommunalt organ eller en vertskommune, kan avtalen inngås med dette organet eller vertskommunen.", jf. §§ 13 og 14. Samarbeidet mellom stat og kommune i NAV-kontora blir gjerne kalla partnarskapet.
Regjeringa sine visjonar for arbeids- og velferdsforvaltninga er teikna opp i Meld. St. 33 (2015-2016). I meldinga har vi mellom anna greia ut om erfaringar med partnarskapet og korleis vi ønskjer å leggje til rette for å vidareutvikle det. Partnarskapet handsamast lokalt og endringar må byggje på lokal semje. Om konfliktar oppstår, er det oppretta ei eiga tvisteløysningmekanisme. I meldinga har vi òg sagt at vi ønskjer sterkare kompetansemiljø. Både ved at kommunar slår seg saman eller gjennom interkommunalt samarbeid kan det etablerast større NAV-kontor med sterkare kompetansemiljø. Det er opp til kommunane sjølve om dei ønskjer å organisere dei sosiale tenestene i eit interkommunalt samarbeid. Arbeids- og velferdsdirektoratet har samla erfaringar frå nokre av dei kommunane kor det er etablert interkommunale NAV-kontor. Desse eksempla kan tene som inspirasjon og rettleiing for andre kommunar som ønskjer å opprette større NAV-kontor til beste for brukarane. Nærleik til brukarane er ikkje berre festa til det fysiske NAV-kontoret. Gjennom digitalisering av tenestene legg regjeringa opp til at stadig fleire av tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga kjem nærare folk ved at dei i aukande grad kan få tilgang til fullverdige tenester heime.
Fleirtalet i Arbeids og sosialkomiteen har i Innst. 49 S (2016–2017) slutta seg til hovudtrekka i Meld. St. 33 (20015-2016), mellom anna nytta av å opprette breiare kompetansemiljø. Fleirtalet har understreka at eventuelle endringar i bemanninga ved det enkelte NAV-kontor som følgje av oppheving av den statlege bemanningsgarantien, må vere basert på god dialog lokalt, og at tenestetilbodet til innbyggjarane skal haldas ved lag. Dette vil slik eg ser det, gi eit godt grunnlag for vidare utvikling av tenestetilbodet til brukarane.