Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:225 (2016-2017)
Innlevert: 11.11.2016
Sendt: 14.11.2016
Besvart: 23.11.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gå i dialog med Hordaland fylkeskommune og vurdere statleg støtte til eit nasjonalt pilotprosjekt for produksjonsskule på Hjeltnes, som tiltak mot utanforskap og fråfall i vidaregåande opplæring?

Begrunnelse

Hordaland fylkesting har den 5.10.16 gjort vedtak om å støtte oppretting av produksjonsskule på Hjeltnes, som tiltak mot utanforskap og fråfall i vidaregåande opplæring. Det vert lagt til grunn ein prosjektperiode på fire år. Det er ein føresetnad at prosjektet får status som nasjonalt pilotprosjekt og får statleg tilskot på 9 mill. kroner eller meir per år i prosjektperioden. Hordaland fylkeskommune sitt økonomiske bidrag vert i så fall 5 mill. kroner årleg til drift. Oppstart av produksjonsskule føreset mindre investeringar i verkstader og bygg. For å få på plass kvalitetssikra kunnskap om vilkår for produksjonsskuleverksemda og korleis produksjonsskule fungerer som tiltak mot fråfall og utanforskap, skal Rokkansenteret gjennomføra ei brei kvalitativ og kvantitativ undersøking av moglegheiter og hindringar for produksjonsskuler som tiltak både i sentrale strøk og i distrikta.
Spørsmålsstillar vil og vise til Riksrevisjonens undersøking om oppfølging av ungdom utanfor opplæring og arbeid (Dokument 3:9( 2015-2016)). Hovudfunna i rapporten var at det er stor variasjon i kvaliteten på oppfølginga av ungdom som har brote ut av vidaregåande opplæring. Samarbeidet mellom ulike aktørar om ei heilheitleg oppfølging av desse ungdommane fungerer ikkje godt nok.
Berre eit mindretal av desse ungdommane er i dag i tiltak som inkluderer læreplanmål. Total er det 60 prosent av ungdom i oppfølgingstenesta si målgruppe, som ikkje deltar i tiltak.
Dette viser at det bør vere stor interesse for konkrete tiltak som kan bidra til betre oppfølging av elevar som fell frå utdanningsløpet, og at produksjonsskule kan vere ei satsing som vil lønne seg på sikt.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Det er positivt at Hordaland fylkeskommune set i gang nye tilbod retta mot ungdom utanfor opplæring og arbeid, som til dømes produksjonsskolar. Det er òg positivt at eit forskingsmiljø skal følgje tiltaket.
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for at ungdom får eit godt opplæringstilbod. Dette inneber òg eit ansvar for å ha gode tilbod til ungdom som står i fare for eller har falle ut av opplæringa. Departementet understrekar at fylkeskommunen har eit stort handlingsrom for å opprette nye og alternative opplæringstilbod.
Fylkeskommunen som er eigar av vidaregåande opplæring og oppfølgingstenesta, er finansiert gjennom den generelle rammefinansieringa. Dette inneber at prioriteringar og fordeling av midlar til ulike tilbod må gjerast av fylkeskommunen sjølv.
Med bakgrunn i dette vil eg ikkje ta eit særskilt initiativ overfor Hordaland fylkeskommune. Eg vil likevel vurdere produksjonsskolar som eit mogleg tiltak for å forhindre fråfall. I så fall vil det kunne bli aktuelt å lyse ut midlar til eit forsøk med slike skoler, der sjølvsagt Hordaland også kan søkje.