Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:264 (2016-2017)
Innlevert: 18.11.2016
Sendt: 18.11.2016
Besvart: 25.11.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden utdjupe kva teori det her vert vist til og kva anna enn "rettspraksis og teori" den heilskapelege skjønnsmessige vurderinga skal byggje på?

Begrunnelse

Det er kaos i omberinga av aviser på laurdagar etter at Samferdselsdepartementet har sett dette tenestetilbodet ut på anbod.
På spørsmål frå avisa Firda av kva departementet kan gjere for å gripe inn ovanfor misleghald, skriv Samferdselsdepartementet 10.11.2016:

"Mislighold er regulert i avtalens punkt 15. Den konkrete vurderingen av om en mangel eller et mislighold kan ansees som vesentlig, beror på en helhetlig skjønnsmessig vurdering blant annet utviklet gjennom rettspraksis og teori."

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Samferdselsdepartementet har inngått ein tenestekonsesjonskontrakt med Kvikkas. Dette inneber at departementet betalar Kvikkas for å sørge for avisdistribusjon til adresser innafor dekningsområdet til selskapet. Alle eksemplar som vert innleverte til Kvikkas, og som skal til abonnentar i Kvikkas sitt dekningsområde, skal etter punkt 5 i kontrakten utleverast kvar laurdag innan klokka 17. Dette er eit krav til leveringskvalitet. Vidare er det i punkt 7 i kontrakten stilt krav til leveringsvilkåra som Kvikkas skal tilby avisene.
Departementet har forståing for at det kan oppstå problem i starten av kontrakten. Vi får jamlege rapportar både frå Kvikkas og avisbransjen, og vi ser at begge partar har oppstartsproblem, men jobbar godt for å få til så god leveringskvalitet som mogleg. For tredje laurdagen i november ser det ut til at om lag 95 prosent av avisene som vart innleverte til Kvikkas vart utleverte til abonnentane. Det inneber ei forbetring på om lag 11 prosentpoeng frå fyrste laurdag i november. Den største enkeltårsaka til at ikkje abonnentane fekk avisa denne siste laurdagen, var at Kvikkas ikkje fekk nok aviser inn til distribusjonen sin frå avisdistributør.
Avtalen med Kvikkas skal vara i to år. Enno føreligg det ikkje sakleg grunn til å bringe inn føresegnene i avtalen om oppseiing, retting eller endring. Departementet meiner at Kvikkas på noverande tidspunkt skal nytta alle sine ressursar til å gjere leveringskvaliteten endå betre. Departementet følgjer saka nøye. I tillegg til skriftlege rapportar frå Kvikkas kvar veke, er det dialog om einskilde spørsmål mellom departementet, Kvikkas og avisbransjen.
Når det gjeld spørsmålet om kva anna enn rettspraksis og teori ein vil kunne nytta ved ei vurdering av om det har vore misleghald eller manglar som tilseier bruk av sanksjoner, så vil dette vera avhengig av kva grunn ein har til å gå til slike skritt. Ofte når rettspraksis og teori ikkje seier noko om liknande saker, vert det nytta reelle omsyn.