Janne Sjelmo Nordås (Sp): Har statsråden planar for korleis ein kan få ein slutt på denne ulovlege virksomheiten utover dei tiltak som er innført i dag, og i tilfelle kva er dei planane?
Begrunnelse
Ulovlege persontransporttenester som Uber og Haxi medfører stor urettvis konkurranse ovanfor dei som driv lovleg persontransport mot vederlag.
Politiet har no fått høve til å kverrsetja førarkort og inndra kjenneteikn på dei som utfører tenesta, noko som er riktig og bra. Likevel ser ein at omfanget av ulovleg persontransport breier om seg, og det kan verke som tiltaka som politiet har sett i verk ikkje er tilstrekkeleg for å redusere omfanget.
Underteikna er av den oppfatning av at dei som utfører tenesta bryt ei rekkje lover, og ein kan stilla spørsmål ved om dei som kjøper tenesta og gjer seg skuldige i lovbrot dersom det kan provast at dei medvite kjøper tenester som det ikkje vert rapportert inn skatt og meirverdiavgift for.