Jenny Klinge (Sp): Då det hausten 2015 kom langt fleire asylsøkjarar til Noreg enn det som var venta, oppstod det store problem i mottaksapparatet. Røde Kors overleverte ein rapport til JD i juni 2016 med klåre tilrådingar til forbetringar dersom asylstraumen skulle auke igjen.
Meiner statsråden at kritikken mot manglande koordinering og utydeleg leiing som kjem fram i rapporten er feil, og viss ikkje: kva vil statsråden konkret gjera for å førebyggje at ein slik situasjon oppstår igjen?
Begrunnelse
Det er forståeleg at regjeringa ikkje var budd på at det skulle koma så mange asylsøkjarar hausten 2015 og tidleg i 2016. Såleis måtte det oppstå nokre problem med mottaket av dei mange som kom. Likevel synest det som at det ikkje vart gjort nok for å handtere sitasjonen betre. Det var problem med losji, mat, helsehjelp og sanitære forhold, samt dårleg ivaretaking av ungar, dårleg informasjon og mangel på smittevern.
Røde Kors har gitt ut ein rapport. Gjennom at organisasjonen var til stades med frivillige i alle dei kritiske fasane i asylprosessen hausten 2015 og tidleg i 2016, såg dei på nært hald dei problema som oppstod. Med utgangspunkt i denne erfaringa kjem Røde Kors med tilrådingar til grep ein kan ta for å unngå at dei same problema oppstår igjen seinare. Rapporten heiter «Grunnleggende humanitære behov og rettigheter for asylsøkere ved ankomst - Røde Kors sine erfaringer og anbefalinger til norske myndigheter».
I rapporten frå Røde Kors står det mellom anna:
«Røde Kors mener at de humanitære og praktiske utfordringene i stor grad var en konsekvens av dårlig koordinering og mangel på overordnet ledelse. Det var vanskelig å se hvem som tok tydelig helhetlig ansvar for å løse utfordringene så snart de ble kjent. Mange ulike aktører var til stede på de ulike mottakene blant annet Utlendingsdirektoratet, driftsoperatør, frivillige organisasjoner og private sikkerhetsvakter. Det manglet imidlertid en overordnet ledelse som kunne sørge for rolleavklaring, arbeidsfordeling og samarbeid mellom aktørene.
I tillegg opplevde Røde Kors at Justis- og beredskapsdepartementet var svært usynlige i sin koordineringsrolle. Fra Røde Kors’ ståsted er det ønskelig at det ved en fremtidig beredskapssituasjon på asylfeltet nedsettes en klar koordinerende instans som sikrer god informasjonsflyt og samordning mellom alle aktører – inkludert frivillig sektor.»
Når Røde Kors så tydeleg peikar på manglande koordinering frå Justis- og beredskapsdepartementet si side, er det viktig at justisministeren tek dette på alvor. Anten må han forklåre kvifor Røde Kors tek feil, eller så må han med fordel vise at han tek problema som oppstod på alvor. Forhåpentlegvis har allereie statsråden ei plan for å unngå at dette skjer igjen ved neste store tilstrøyming av asylsøkjarar, og det vil i så fall vera greitt for Stortinget å bli informert om denne plana.