Liv Signe Navarsete (Sp): Har Samferdselsdepartementet gitt Kvikkas lister som gir dei høve til å unnlate å omdele aviser til bygdene utanfor Florø sentrum, og dersom så er tilfelle - kva vil samferdselsministeren gjere for å sikre at alle som skal få aviser omdelt frå Kvikkas laurdagar får det, både i Florø og i resten av landet, uavhengig av kva postnummer dei måtte sokne til?
Begrunnelse
Avisene Firda og Firdaposten har hatt Posten som ansvarleg for omdeling av aviser laurdagar i bygdene kring Florø. I Florø sentrum har dei hatt eiga ombering. Etter at Kvikkas fekk oppdraget Posten tidlegare hadde ansvar for er det vorte kaos i leveringa og store manglar. Prosjektleiar Trygve M. Moxness i Kvikkas forklarer det i følgje Firdaposten med at "Samferdselsdepartementet virker ikke å ha angitt 6913 som et postnummer Kvikkas skal dekke". Det gjeld lokalsamfunna Nekkøy, Færøy, Ånnøy, Terdal, Klauene og Grønenga. Kvikkas viser til at det ligg informasjon på deira nettsider om kva postnummer som skal få laurdagsaviser. I den siste reviderte lista av 26. november er det ingen postnummer utanfor Florø sentrum som står oppført. Firdaposten har gått over frå avis laurdagar til å gje ut fredagsaviser, medan Firda har fått store problem med utgåvene på laurdagar.